Hofseth international Raudbergvika montasje roger foto marius 11
UROA FOR UTSLEPP: Oppdrettsanlegget det er planar om inne i dei nedlagte gruvene i Storfjorden, vil truleg gje det største enkeltståande avløpsutsleppet i Noreg, meiner direktør Linda Aaram ved Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Marius Rosbach/Anita Grønland-Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Nytt

Kritisk til Hofseth-oppdrett i Storfjorden

Statsforvaltaren varslar protest – meiner anlegg vil sleppe ut meir enn Stor-Oslo.

Marius Rosbach
30.08.2021

I sitt høyringssvar til Fjord kommune, er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sterkt kritisk til planane Hofseth International har ved Raudbergvika.

Både livet i Storfjorden og nasjonale og internasjonale naturverdiar knytt til dette området vert trua, dersom oppdrettsanlegget blir ein realitet, uttalar Linda Aaram som er direktør for miljøvernavdelinga, i ein artikkel
statsforvaltaren si heimeside.

Samanliknar utslepp med Stor-Oslo
Statsforvaltaren er spesielt uroa for forureining frå slam og avfall.

Det reinsa utsleppet frå det planlagde anlegget i Raudbergvika er mykje større enn utsleppet frå Stor-Oslo både når det gjeld nitrogen og fosfor, uttalar Aaram som meiner det kan føre til utilsikta og uheldig påverknad på miljøet ved inngangen til verdsarvområdet.

Sjå video frå gruvene her (lenke til Facebook)

Vil kome med motsegn
Statsforvaltaren ber kommunen vurdere alternative areal for anlegget.

I høyringssvaret konkluderer statsforvaltaren med at dei vil kome med motsegn om omsyn til nasjonale interesser, om ikkje planane blir «endra dramatisk ut frå slik dei føreligg i dag», uttalar Aaram.

Sunnmørsposten omtala saka først.

NETT NO omtala nyleg planane Roger Hofseth har for landbasert lakseoppdrett på staden – og fekk vere med inn i gruvehallane.

Selskapet vil bruke dei tidlegare olivingruvene ved Raudbergvika til lakseoppdrett, for å sikre tilgang på råstoff til foredlingsverksemda.

Roger Hofseth sa til NETT NO at dei håpte konsesjonssaka og reguleringsarbeidet skulle vere i hamn tidleg neste år. Planane inneberer ei investering på 15 til 18 milliardar og kan skape opptil 1000 nye arbeidsplassar, meiner Hofseth.

Sjå video frå gruvene her (lenke til Facebook)

Publisert: 30.08.2021 16:05

Sist oppdatert: 30.08.2021 16:58

Mer om