Visnes Hotel i Stryn leverte eit nytt toppår økonomisk i fjor, viser den ferske rekneskapen frå hotellselskapet. Driftsinntektene kraup oppover til 9,5 millionar, som er den største omsetninga sidan oppstarten i 2014.
Også lønnsemda var solid med ein driftsmargin på over ti prosent.
– Vi føler at 2025 var det første året vi har fått ei verkeleg god drift. Vi ser berre moglegheiter framover, fortel dagleg leiar Marit Nordheim Otterdal til Nett No.
| Visnes Hotel Stryn AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 9,5 | 8,5 |
| Driftsresultat | 1,1 | 0,7 |
| Resultat før skatt | 0,6 | 0,1 |
Ny eigarar – same drivarar
I vinter blei det kjent at Joar Strand og Odd Jarle Kvamme har kome inn som nye eigarar. Dei har kjøpt hotellselskapet via OCR Holding.
Strand og Kvamme har tidlegare bygd opp Olden Cruise til å bli ein betydeleg reiselivsaktør i nærmiljøet ved å frakte cruiseturistar til attraksjonar i indre Nordfjord og på rundturar.
Marit Nordheim Otterdal avslår å fortelje kor mykje dei fekk betalt – men fortel at drifta vil halde fram om lag som før.
– Det er i første rekke snakk om å spisse produktet, seier ho.
Mellom anna skal ho halde fram som vertskap saman med mannen Arvid Otterdal
– Vi er glade for å ha funne lokale investorar som ønsker å satse her. Det var målet då vi starta å sjå oss rundt etter investorar eller nye eigarar – samtidig som vi ønsker å trappe litt ned etter kvart, seier Otterdal.

– Har bygd stein på stein
Visnes Hotel har historie tilbake til 1850. Marit Nordheim Otterdal og mannen Arvid Otterdal tok over drifta i 2014, og har sidan jobba jamt og trutt med å utvikle verksemda.
– I starten var det mykje oppussing, men vi har bygd stein på stein utan stor kapital. Etter at vi pussa opp kjøkkenet i 2024, har vi fått sjå resultata av alt vi har gjort, legg ho til.
Hotellet har 20 oppgraderte rom. I tillegg har dei teke i bruk låven på garden til grupper, bedriftsbesøk og arrangement. Hotellselskapet sysselsette fem årsverk i fjor.
Har utvida sesongen
Sjølv om sommaren framleis har mest besøk, har dei verksemd og arrangement også i lågsesongane. For nokre år tilbake tilsette dei ein kjøkkensjef på heilårsbasis.
– Saman med oss som vertskap som grunnstamme, kan vi ta på oss oppdrag store delar av året. Det har gjort at vi har fått utvida sesongen, fortel Otterdal.
Innsatsen har ført til ei viss endring i kva gjestar som kjem.
– Det er ein litt anna type kundar. Det har å gjere med at vi har auka prisen, fordi vi har hatt betre kvalitet på romma og tilbodet, seier ho.
Publisert: 09.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 08.03.2026 18:47






