Hytteselskap gir opp – slått konkurs
Håpte framtidig sal skulle dekke milliongjeld i selskapet.
Grøndal Hyttegrend har meldt oppbod og Møre og Romsdal tingrett opna onsdag konkurs i Molde-selskapet.
Ifølgje rettspapira opplyste selskapet å ha kring tre millionar kroner i gjeld. Verksemda er innstilt og det er ingen tilsette.
Ingvild Slettebø er bustyrar for konkursen og første skiftesamling er planlagd 27. januar neste år.
Tapt eigenkapital
Hytteselskapet har utvikla hyttetomter og hytter, men hatt beskjeden omsetning sidan dei starta opp i 2010.
I årsrapporten for 2021 – eit år selskapet stod heilt utan inntekt – blir det påpeika at eigenkapitalen er tapt.
Rekneskapen viser eit udekka tap på nær 2,3 millionar, og langsiktig gjeld på nær åtte millionar kroner.
Håpte framtidig sal skulle berge drifta
Då årsrapporten blei levert i sommar, håpte likevel leiinga på at sal frå hytter under oppføring og hytter som skulle byggast seinare, ville dekke underskotet.
Olav Tjelle og Terje Høystakli har eigd 50 prosent kvar av selskapet og utgjorde styret i firmaet.
Ifølgje heimesida deira, tilbyr selskapet store og attraktive hyttetomter i storslagen natur. Hyttefeltet er plassert i utkanten av eit populært turområde.
Publisert: 08.12.2022 09:30
Sist oppdatert: 08.12.2022 10:02