rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Ingen nåde for Volda-firma

Fekk ikkje meir tid til å hente inn pengar. Slått konkurs.

Marius Rosbach
01.12.2022

Volda-firmaet Gjesdal Byggteknikk As vart slått konkurs i Møre og Romsdal tingrett onsdag.

Bakgrunnen var krav frå skatteetaten for skuldig moms, gebyr, tvangsmulkt og kostnader til Statens Innkrevingssentral på knappe 270.000 kroner.

Bad om meir tid
Styreleiar for selskapet møtte i retten og bad om at selskapet fekk meir tid på seg til å drive inn uteståande fordringar, slik at dei kunne dekke kravet.

Det gjekk Skatteetaten ikkje med på – og fekk medhald frå tingretten. Det blir vist til at eit nytt større krav er til forfall om kort tid, og at det samtidig er betydeleg gjeld til andre kreditorar i selskapet.

Ifølgje kjennelsen frå retten dreiar det seg om kring 700.000 kroner.

Har hatt lite inntekt
Firmaet som har dreve byggteknisk konsulentverksemd sidan 2018, er knapt oppført med inntekter i desse åra. Høgst omsetning var i 2028 då inntektene bikka millionen.

I den siste tilgjengelege rekneskapen frå 2020, går det fram at selskapet har behov for tilførsel av friske pengar for å drive vidare. På det tidspunktet hadde styret tru på at det var muleg å få til.

I årsrapporten går det fram at firmaet blei hardt ramma av koronapandemien. No er verksemda innstilt, og selskapet hadde ikkje tilsette.

Jørund Knardal er bustyrar for konkursen og første skiftesamling er planlagt 10. januar.

Publisert: 01.12.2022 11:31

Sist oppdatert: 02.12.2022 01:23

Mer om