Haapar paa Nordoeyveg effekt
TENNFJORD: Aco Møre-konsernet, som Aco Anlegg er ein del av, har utvikla industriparken på Vadset i Tennfjord og flytta inn i nytt bygg der i 2012. Her er dagleg leiar Tarjei Rødset i Aco Anlegg. 
Nytt

Håpar på Nordøyveg-effekt

Aco Anlegg i Tennfjord er ein godt etablert maskinentreprenør. - Men det er ein tøff marknad og kamp om dei attraktive jobbane, seier Tarjei Rødset. 

Kristin Vidhammer
15.05.2018
Aco Anlegg vart etablert i 2006, då Karl Henrik Aure, Asle Drabløs, Odd Krogsæter og Joakim Aure braut ut frå UFO Entreprenør og starta for seg sjølv. Dei fekk tidleg også Byggtorget Holding as med på eigarsida, der Kaj B. Westre er sentral eigar.
Tarjei Rødset tok over stillinga som dagleg leiar i slutten av februar.
- Vi er ein tradisjonell maskinentreprenør, der vi satsar på opparbeiding av VA-anlegg og utbygging av bustadområde og industritomter, seier Rødset.
Dei har både utstyr og folk til å ta heile prosessen frå reguleringsarbeid til ferdigstillelse for kundar.
- Dette er ein styrke for oss, der vi også har GIS-ingeniørar tilsett.

Ein tøff marknad

Men marknaden er tøff og der det er kamp om dei attraktive jobbane.
- 2017 har også vore eit år prega av få store jobbar, dette gjeld både oss og mange andre i bransjen. Dette vert også reflektert i resultatet. Når ein har mange mindre prosjekt, blir det meir dødtid enn ved store prosjekt.
Selskapet hadde i fjor ei omsetning på 75 millionar kroner, mot 96 millionar i 2016. Resultatet før skatt vart i underkant av 1 million kroner, mot nærmare 8 millionar i 2016.
- 2016 var eit veldig bra år. For all del, vi tente pengar i fjor også, men vi bør sitje igjen med meir på botnlinja. Vi er derfor ikkje tilfreds med fjorårsresultatet.
Selskapet har ein god soliditet og likviditet, med nærmare 20 millionar kroner i opptent eigenkapital.
- Vi står sterkt økonomisk og er robuste, slik at vi kan tole tøffe år. Vi har også ein veldig bra og moderne maskinpark, som regelmessig blir skifta ut og der det er fokus på miljø og utslepp, seier Rødset.

Nordøy-vegen kan ta kapasitet ut av marknaden

Av prosjekt no er blant anna grunnarbeid på servicebygg i Samfjord-kvartalet i Brattvåg og nytt byggjetrinn på bustadblokk på Skjongholmen.
- Når det gjeld ordrereserver, er det ein ekstrem kort horisont i bransjen. Derfor er det også vanskeleg no å seie korleis vi trur resultatet blir i år. På sikt håpar vi at marknaden bedrer seg sjølvsagt.
Aco Anlegg har saman med Busengdal Transport, Opshaug Sandtak og Longva Maskin etablert selskapet Anlegg Nordvest as.
- Gjennom dette selskapet kan vi levere inn til hovedkontraktører på Nordøyvegen for eksempel. Vi venter også at det blir tatt ut kapasitet i marknaden når Nordøyveg-prosjektet kjem i gong. Dermed trur vi at det vil bli ein bedring i marknaden

Stadig strengare dokumentasjonskrav

Kravet i bransjen til dokumentasjon rundt kvalitet og HMS har blitt stadig meir omfattande, noko Rødset trur vil fortsetje å tilta.
- Vi har allereie dette på plass, og vi har eigen HMS- og kvalitet-ansvarleg. Vi skal ha orden i sysakene. Vi skal ikkje ha skader verken på eigne folk eller tredjepartar.
Det er no ca. 30 fast tilsette i Aco Anlegg, i tillegg til at dei leiger inn tre selskap som har mindre maskiner ved behov.
Dei er godkjent lærebedrift og har tre lærlingar pt., i tillegg til at dei har to skuleelevar på utplassering.
- Vi er opptatt av å støtte opp under lærlingar, dette er viktig både for å sikre arbeidskraft og for å støtte opp under fagskulane. Vi har eigen lærling-ansvarleg, Karl Henrik Aure, som er veldig flink.

Offentlege anbodsprosessar

Når det gjeld det offentlege innkjøpsregelverket, meiner dei at grunnlaget for anbodsprosessar i ein del kommunar er for dårlege.
- Det er uklare beskrivelser av anbodsgrunnlaget som gjer at det lett oppstår tolkning og uenighet i etterkant. Vi opplever blant anna at nokon priser seg lavt for å få anbud, mot å skrive tilleggsrekningar etterpå. Det er fellesskapet sine verdiar dette går ut over, og som samfunnet taper på. Difor er det viktig å ha god kompetanse hos innkjøparane i kommunane.

Har tomter ledige på Vadset Industriområde

Aco Anlegg er eit dotterselskap i Aco Møre-konsernet, som også eig Aco Eiendom og nyetablerte Aco Transport, som skal drive med kraning og transport av større maskiner og utstyr.
Konsernet har tidligare kjøpt eit område av Haram kommune, som dei har opparbeidd med veg, vatn og kloakk etc. Aco Anlegg flytta inn i nytt bygg der i 2012, med administrasjon, verkstad og lager. Dei har også seld tre tomter, men har fortsatt nokre tomter igjen.
- Til saman har vi 11-12 mål i ledige tomter til sals no, fordelt på to-tre tomter. Det er et sentralt område i forhold til både Haram, Skodje/Digernes og Ålesund.
Det er Byggtorget Holding, Joakim Aure, Asle Drabløs, Odd Krogsæter, Håkon Aure og Tarjei Rødset som no er inne på eigarssida i Aco Anlegg.
- Alle er aktive i selskapet, noko som er ein styrke. Også Kaj Westre i Byggtorget Holding er ein aktivt arbeidande styreleiar, seier Rødset.
Vi venter at det blir tatt ut kapasitet i marknaden når Nordøyveg-prosjektet kjem i gong

Publisert: 15.05.2018 15:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21