Tala for nye igangsettingsløyve til fritidsbustader i hyttekommunane Stryn, Stranda og Sykkylven viser ein kraftig oppgang frå 2024 til 2025.
Men det er storprosjektet Blådalslia på Strandafjellet, som løfter tala – og utan dette er det nedgang. Det viser tal Nett No har henta inn frå kommunane (sjå oversikt under).
At det er gitt igangsettingsløyve, betyr vel og merke ikkje at det faktisk er sett i gong bygging. Det er likevel eit godt mål for aktiviteten for hyttebygging, og noko alle byggeprosjekt av ein viss storleik må ha før ein sett i gong.
Også aktørar i marknaden fortel om slappare aktivitet i marknaden – men kryssar fingrane for at det vil ta seg opp.
– Det har vorte mykje meir stille
Etter ein boom i hyttemarknaden under koronapandemien i 2020-2021, har det vorte meir stille i åra etterpå. Likevel kunne Nett No seinast i fjor melde at hyttesalet på Nordvestlandet skilte seg positivt ut med ei auke i salet.
– Vi merkar at det har vorte meir stille på Vestlandet som i resten av Noreg, og marknaden har vore prega av mindre optimisme det siste året, fortel administrerande direktør Audun Skattebo i Tinde Hytter.
Selskapet er ein landsomfattande aktør i hyttemarknaden med hovudbase i Gudbrandsdalen.
Mange tomter uselt i Stryn-felt
For nokre år sidan tok dei steget frå å «berre» selje hytter, til også å utvikle eigne hyttefelt. Mellom anna satsa dei på eit Tindegrenda i Stryn med over 50 tomter.
– Vi merka litt meir aktivitet sommaren og hausten 2025, og vi har hatt litt aktivitet kring feltet i Stryn, seier Skattebo.
Per i dag er det framleis 44 av 52 tomter att i dette feltet.
Tinde Hytter har óg eit større område med plass til kring 100 hytter. Skattebo fortel at dei tenker å gå vidare med dette området etter kvart.
Peikar på «ei veldig kostnadsauke»
Tinde Hytter-sjefen meiner den klart viktigaste årsaka til slappare aktivitet i marknaden, er prisen for å bygge nye fritidsbustader.
– Det store bildet er ei veldig kostnadsauke på materialane til nye hytter som har kome dei siste åra. Forhåpentlegvis vil det roe seg litt ned framover, legg han til.
Også Ålesund-utbyggar Steinar Lausund peika på kostnadsauke for byggebransjen som ei stor utfordring i eit intervju med Nett No i mai i fjor.
Da hadde han bestemt seg for å trekke ei luksushytte til 23 millionar kroner frå marknaden – fordi marknaden var rolegare enn venta.
Auke i talet på nye løyve
Ei oversikt over nye løyve som er gitt til fritidsbustader i hyttekommunane Stryn, Stranda og Sykkylven viser ei auke frå 38 til 62 frå 2024 til 2025.
| Nye løyve til hytter i 2024 og 2025: | ||
| Kommune | 2025 | 2024 |
| Stryn | 14 | 14 |
| Sykkylven | 7 | 10 |
| Stranda | 41 | 14 |
| Sum | 62 | 38 |
- Nett No spurde også Fjord om tal for nye løyve til hytter, men fekk til svar at kommunen ikkje hadde kapasitet til å gi ei slik framstilling.
Av dei 62 løyva som blei gitt i fjor, er 28 gitt i samband med storprosjektet Blådalslia på Strandafjellet. Her står lokale utbyggjarar bak oppføring av 28 leilegheiter rett ved alpinanlegget.
Utan dette prosjektet ville talet på løyve i desse kommunane gått ned frå 38 til 34 frå 2024 til i fjor.
Som nemnt, så er det skilnad på at det er gitt løyve - og at det faktisk blir starta bygging.

– Vi reknar med auka interesse
Styreleiar Frode Kjølås er styreleiar i Blådalslia AS, som står bak utbyggingsprosjektet på Strandafjellet.
Han fortel at det har vore relativt roleg når det gjeld nye førespurnader på hyttetomtene deira, men at det har vore ein del interesse for tomter til leilegheiter.
Av leilegheitsprosjektet dei bygger i eige regi, er det per i dag selt 13 av 28 leilegheiter.
– Vi reknar med auka interesse når ein ser at det byggast. Leilegheitene er veldig sentralt plassert og godt synleg for dei som besøker anlegget, fortel Kjølås til Nett No.
Samtidig håpar han at lågare rente og mindre usikkerheit framover, vil gi eit nytt løft.
Publisert: 23.01.2026 05:00
Sist oppdatert: 23.01.2026 09:11






