Stryn vinterski
SNØ OG SUNNMØRINGAR: Kombinasjonen kort veg til Sunnmøre, snø og skiløyper er med på å gjere Stryn til ein av dei største hyttekommunane på Nordvestlandet. Neste år flyttar dei første kjøparane inn i eit nytt hyttefelt i kommunen.
Nytt

Auka hyttesalet på Nordvestlandet

Regionen skil seg ut positivt. Landsdekkande aktør satsar på nytt stort felt i Stryn.

22.04.2024

I 2023 signerte Tore Lunde i Tinde Hytter 18 prosent fleire salskontrakter enn året før.

Lunde har ansvaret for salet i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Han seier ikkje kor mange kontrakter han signerte i fjor, og seier 2023 blei det nest beste året i hans område, målt i selde hytter. Rekordåret var i 2021, i hytteboomen under koronapandemien.

Tinde Hytter i Gudbrandsdalen er ein landsomfattande aktør i hyttemarknaden, der Nordvestlandet skilde seg ut i positiv forstand, sett få eit hytteseljarperspektiv.

Stor utbygging i Stryn
Fram til no har Tinde Hytter seld hytter til kundar på Nordvestlandet, og ikkje vore eigar og utviklar av hyttefelt.

No satsar konsernet også på utvikling av eigne felt. På nettsida si har Tinde Hytter eit hyttefelt med i alt 55 hyttetomter til sals i Stryn, i området ved skitrekket nord for Stryn sentrum.

Det er selskapet Tinde Hytter Stryn som eig tomtene og står for utbygging av vegar og annan infrastruktur. Tinde Hytter skal levere hyttene.

Tinde Hytter Stryn er eigd 29 prosent av dagleg leir Tor Ivar Kandal og 71 prosent av Tinde Hytter.

Innflytting til påske
No er Stryn-selskapet gang med å bygge vegar og annan infrastruktur. Per i dag er fire av tomtene selde og den første hytta skal vere innflyttingsklar til påske neste år.

Selskapet har óg regulert areal til å bygge ytterlegare 58 hytter i ei forlenging av hyttefeltet som no er under bygging. I tillegg har selskapet kjøpt grunn til omlag 20 hytter til, men det er ikkje regulert.

Tinde Hytter Stryn var også eit salselskap for hytter fram til i oktober i fjor, før Tinde Hytter-konsernet gjorde ei omorganisering der selskapet fekk ansvaret for tomteutvikling og sal. Rekneskapstala for 2023 og 2022 (sjå tabell under) er difor ikkje direkte samanliknbare.

Hyttemetropol
Stryn kommune sikta seg for fleire år sidan inn mot å bli ein hyttemetropol på Nordvestlandet, som takka vere Eiksundtunnellen og Kvivsvegen fekk kort reisetid for potensielle kundar på ytre søre Sunnmøre.

I kommunedelplanen for Bøasetra - Ulsheim, som omfattar området frå skitrekket i fjellet over Stryn sentrum, til langrenn- og skistadion ved Ullsheim lenger vest, er det plass til nesten 1200 hytter. Det er over 800 fleire enn hytter enn dei som alt er der i dag, skreiv Nett No i 2014.

Då var det første hyttefeltet i området, Bøanedsetra, nesten heilt utbygd. Etterpå har Otto Vik vore den store utbyggaren, med Hydlafeltet - som enno ikkje er full utbygd. Og no er Tinde Hytter Stryn i gang med sitt store prosjekt.

Tinde Hytter Stryn as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt26,540,2
Driftsresultat0,63,5
Resultat før skatt1,03,7

Publisert: 22.04.2024 11:54

Sist oppdatert: 23.04.2024 23:59

Mer om