- Vi kan produsere mykje meir fiskemat enn det vi gjer i dag.
Det seier plassjef Ingunn Tvedt ved Gjerdsvik-bedrifta.
Siste ti åra har bedrifta vore ein del av det Fredrikstad-baserte Maritime Food-systemet, heileigd av det finske børsnoterte selskapet Apetit. No har det finske selskapet gjort avtale med norske Insula om sal av heile sjømatdivisjonen.
Les her:
- Vi er spente på kva Konkurransetilsynet seier til handelen, men for oss ser vi svært positivt på å få ein stor og seriøs norsk eigar, seier Tvedt.
Sandanger har rundt 40 tilsette, og selskapet selde i fjor sjømatprodukt for vel 90 millionar kroner. Resultatet før skatt vart 6,3 millionar. I 2015 var resultatet på 4,5 millionar kroner, medan det i dei tre føregåande åra var minustal.
- Vi håper å nå rundt 100 millionar kroner i omsetning om kort tid. I tillegg held vi fram prosessane for å effektivisere drifta, seier Tvedt.
- Vi har eit anlegg til å kunne produsere ein god del meir enn i dag.
Gjerdsvik-bedrifta er store på fiskekaker, fiskebollar, burgarar og makrell i tomat.
Tysdag vart det produsert 30.000 boksar med makrell i tomat ved bedrifta.
- Dette er den einaste makrellen i tomat som vert produsert i Norge, seier Tvedt.
Tvedt seier at ein har fått lovnad av dei nye eigarane om ‘business as usual’.
- Vi veit aldri med slike store aktørar, så vi kan berre stå på som før, produsere best mulege produkt og levere best mulege resultat.
Sandanger leverer også ein del produkt gjennom sitt eige merkenamn Sunnmøre, mellom anna bacalao, makrell i tomat, peppermakrell og torskerogn. Salet går i hovudsak til Rema og Europris.
Ingunn Tvedt håper Insula vil vere med på å løfte bedrifta til nye høgder.
- Det ser i alle fall bra ut, og alle tilsette reagerte positivt på nyheita av at vi vart overtatt av norske eigarar, som veit kva vi held på med og som har midlar til å investere.
- Arbeidssituasjonen har endra seg, og i dag er vi i ferd med å få ei knapp overvekt av norske tilsette.
- I tillegg har vi også tilsette med fagbrev i kokkefaget, noko som er viktig for den vidare produktutviklinga.
Det seier plassjef Ingunn Tvedt ved Gjerdsvik-bedrifta.
Siste ti åra har bedrifta vore ein del av det Fredrikstad-baserte Maritime Food-systemet, heileigd av det finske børsnoterte selskapet Apetit. No har det finske selskapet gjort avtale med norske Insula om sal av heile sjømatdivisjonen.
Les her:
Sak for Konkurransetilsynet
Insula er ein del av Kverva-systemet, og er ein stor norsk sjømataktør, som mellom anna eig Lofotenprodukt og er tungt inne i selskap som Patogen og Pelagia.- Vi er spente på kva Konkurransetilsynet seier til handelen, men for oss ser vi svært positivt på å få ein stor og seriøs norsk eigar, seier Tvedt.
Sandanger har rundt 40 tilsette, og selskapet selde i fjor sjømatprodukt for vel 90 millionar kroner. Resultatet før skatt vart 6,3 millionar. I 2015 var resultatet på 4,5 millionar kroner, medan det i dei tre føregåande åra var minustal.
- Vi håper å nå rundt 100 millionar kroner i omsetning om kort tid. I tillegg held vi fram prosessane for å effektivisere drifta, seier Tvedt.
Einaste norske makrell i tomat
Ho håper at det no vert satsa på fornying av deler av maskinparken.- Vi har eit anlegg til å kunne produsere ein god del meir enn i dag.
Gjerdsvik-bedrifta er store på fiskekaker, fiskebollar, burgarar og makrell i tomat.
Tysdag vart det produsert 30.000 boksar med makrell i tomat ved bedrifta.
- Dette er den einaste makrellen i tomat som vert produsert i Norge, seier Tvedt.
'Business as usual'
Salet skjer til Norgesgruppen gjennom merkenamnet Fiskemannen, medan Insula er store leverandørar til Coop, i tillegg til Rema.Tvedt seier at ein har fått lovnad av dei nye eigarane om ‘business as usual’.
- Vi veit aldri med slike store aktørar, så vi kan berre stå på som før, produsere best mulege produkt og levere best mulege resultat.
Sandanger leverer også ein del produkt gjennom sitt eige merkenamn Sunnmøre, mellom anna bacalao, makrell i tomat, peppermakrell og torskerogn. Salet går i hovudsak til Rema og Europris.
Bil-transport
All fisken vert transportert med bil til og frå Gjerdsvik-bedrifta.Ingunn Tvedt håper Insula vil vere med på å løfte bedrifta til nye høgder.
- Det ser i alle fall bra ut, og alle tilsette reagerte positivt på nyheita av at vi vart overtatt av norske eigarar, som veit kva vi held på med og som har midlar til å investere.
Flest nordmenn
Medan det lenge var stor overvekt av tilsette med utanlandsk bakgrunn, har dette endra seg siste åra.- Arbeidssituasjonen har endra seg, og i dag er vi i ferd med å få ei knapp overvekt av norske tilsette.
- I tillegg har vi også tilsette med fagbrev i kokkefaget, noko som er viktig for den vidare produktutviklinga.
Vi er spente på kva Konkurransetilsynet seier til handelen, men for oss ser vi svært positivt på å få ein stor og seriøs norsk eigar
Publisert: 12.07.2017 12:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12






