Hoeie meiner tilliten til Hurtigruten er svekt
KANSELLERT: Hurtigruten har kansellert fleire cruise med dei to Kleven-bygda skipa MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen. Her er begge til kai ved verftet tidligere i år.
Nytt

Høie meiner tilliten til Hurtigruten er svekt

Reiarsjefen beklagar og regjeringa strammar inn reglane for cruisetrafikk, etter koronautbrot på Hurtigrute-skip.

03.08.2020
(NPK-NTB): Helseminister Bent Høie (H) meiner at tilliten til Hurtigruten er svekt etter smitteutbrotet som starta på eitt av skipa til selskapet.
– Det trur eg vi må seie i denne situasjonen, og så er det jobben deira å gjere noko med det. Det er klart dei har vore ein av pådrivarane for at regjeringa skulle opne for opp denne typen aktivitet. Derfor er det synd vi har komme i denne situasjonen, svara Høie på spørsmål frå TV 2 på pressekonferansen måndag.
36 besetningsmedlemmer og fem passasjerar har førebels testa positivt for koronaviruset etter to seglasar med Hurtigrutens skip Roald Amundsen.

– Det overraskar meg

Høie sa at han reagerer kraftig på at Hurtigruten ønskte å halde utbrotet hemmeleg. Han seier at han først fekk vite at dei hadde planar om å sende ut informasjon til dei om bord og så leggje ut ei nettsak.
– Eg fekk seinare beskjed om at dei berre ville sende ut informasjon til passasjerane, men ikkje leggje ut nettsak. Eg fekk fredag beskjed om at dei verken hadde gjort det eine eller det andre. Det overraskar meg, sa helseministeren.

Hurtigruten-sjefen: - Vi har svikta

Konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten vedgår at selskapet har svikta i handteringa av smitteutbrotet på skipet Roald Amundsen.
– Eg skal vere grenselaust ærleg. Vi har svikta. Vi har gjort feil, og det vi ser no, er ikkje det Hurtigruten skal stå for eller det vi er. På vegner av selskapet beklagar eg dette på det sterkaste. Den førebelse gjennomgangen av hendinga viser fleire avvik frå prosedyrane. Det er ansvaret mitt som øvste leiar, seier Skjeldam på pressekonferansen.
Han seier at dei ikkje følgde opp utanlandsk mannskap og karantenereglane på ein god nok måte. Det gjeld 16 av dei tilsette på Roald Amundsen, som var frå Filippinane.
Hurtigruten har innstilt alle ekspedisjonscruise inntil vidare, og dei har engasjert DNV for å gå gjennom prosedyrar og korleis dei er følgde.

Strammar inn for cruisetrafikken

Regjeringa strammar inn på cruisetrafikken etter smitteutbrotet på Hurtigruten, opplyste helseministeren på pressekonferansen.
– Vi strammar mellombels inn for cruisetrafikken for å stanse koronasmitte. Bakgrunnen er situasjonen på Hurtigruten, sa Høie
Han seier at styresmaktene vil hindre skip som har fleire enn til saman 100 personar om bord, i å leggje til i norske hamner og sleppe passasjerar og mannskap i land.
– Vi må ta dei desse nødvendige grepa for å stanse smittespreiing i Noreg. Vi gjer dette no medan vi undersøkjer kva som svikta under utbrotet på Hurtigruten, sa Høie.
Han sa regjeringa ser på behov for endringar i gjeldande regelverk. Avgrensingane gjeld i fjorten dagar, ifølgje Høie. Dei omfattar ikkje annan skipstrafikk og ferjedrift.
 Den førebelse gjennomgangen av hendinga viser fleire avvik frå prosedyrane

Publisert: 03.08.2020 18:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00