Høyr podcast om kvotemeldinga
Janne-Grethe Strand Aasnæs og Sveinung Flem er gjestar i ny Podium-episode.
Kvotemeldinga for fiskeriet er temaet for den nyaste episoden av podcasten Podium. Store verdiar står på spel når saka no er til handsaming i Stortinget, og endringar kan råke næringslivet på Nordvestlandet.
Vi inviterte Janne-Grethe Strand Aasnæs frå Strand-rederiet i Ålesund og Sveinung Flem frå Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi) som gjestar i studio.
Høyr ny episode:
E25/S2 Store fiskeriverdiar i spel
Aasnæs som er også styreleiar i Fiskebåt Vest, er kritisk til forslaget frå regjeringa. Det er spesielt omfordelinga mellom dei ulike delane av flåten, som provoserer.
Flem frå Surofi meiner også det er risikofylt å opne døra til ei anna omfordeling, etter at den har vore fast i fleire tiår. Det vil skape usikkerheit i ei næring som allereie er prega av usikkerheit, meiner han.
Programleiarar er Ingvild Vartdal, daglig leiar i advokatfirmaet Adviso, og Hans-Christan Vadseth, partner og seniorrådgjevar i First House. Produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no.
Podium er ein podkast på NETT NO om og for næringslivet på Nordvestlandet i samarbeid med advokatfirmaet Adviso. Podcasten er eit annonseprodukt.
Høyr dei nyaste episodene:
E24/S2 Slik skal GATH styrke havbruksnæringa
E23/S2 Kva skal til for å lukkast som gründer?
E22/S2 Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet folka dei treng?
E21/S4 Gapet mellom politikk og sunnmørsk næringsliv - kva kan gjerast?
Publisert: 08.04.2024 09:17
Sist oppdatert: 08.04.2024 09:19