Olve Grotle
INGA KRIGSERKLÆRING: Fiskeripolitisk talsperson Olve Grotle i Høgre kom ikkje med noko krigserklæring etter at kvotemeldinga blei lagt fram fredag. Det ligg an til eit forlik. Foto: Skjermdump frå nettsending.
Analyser

Ikkje grunnlag for omkamp i fiskeri

Støre-regjeringa har greidd det Erna Solberg & Co ikkje fekk til.

13.01.2024
ANALYSE:

Etter at Høgre sin næringspolitiske talsperson Olve Grotle sa fredag at spørsmåla regjeringa si kvotemelding skulle svare på i sum er «veldig bra» besvart, var det klart at denne meldinga kjem til å gå gjennom i Stortinget - om enn med endringar.

Stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp) konkluderte med at hans parti ikkje var fornøgd, men letta over meldinga.

Grotle og Strifeldt deltok i eit seminar i etterkant av at fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) la fram regjeringa sitt framlegg om korleis fiskekvotane skal fordelast mellom ulike grupper av fiskarar.

Sjå sending frå seminaret her (debatten mellom politikarane kjem i slutten av sendinga)

Frykta frå høgresida, og store deler av fiskerinæringa, har vore at Ap/Sp-regjeringa skulle gå langt i å endre fordelinga av fiskekvotane mellom ulike grupper fiskarar. Det kunne både betydd inntektsreduksjonar for nokre grupper, og ikkje minst fornya og langvarig krangel mellom fiskarane om kvotefordelinga.

Ein slik krangel vil store deler av fiskerinæringa ikkje ha. Den vil ha stabilitet.

Kor stor andel kvart fiskefartøy og ulike grupper av fiskefartøy har er viktig. Det er ein del av grunnlaget for å berekna sannsynleg inntekt og lønsemd, og dermed grunnlaget for investeringar framover - for eksempel i ein nye fiskebåt.

Stabilitet og eit breitt forlik på Stortinget var også det Grotle sa var dei to viktigaste ønskja han hadde fått frå fiskerinæringa før kvotemeldinga blei lagt fram fredag.

Eit breitt forlik, som står seg etter eit regjeringsskifte, krev at Ap/Sp-går til partia til høgre for seg når Stortinget skal behandle kvotemeldinga; Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

At stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) og Geir Jørgensen (Raudt), som deltok i debatten, meinte det var for lite omfordeling spelar inga rolle. Går regjeringa til dei, aukar sjansen for ein omkamp etter neste regjeringsskifte. Det er neppe regjeringa interessert i.

Difor er det sannsynleg med eit breitt forlik der SV og Raudt blir sett på sidelina.

Regjeringa til Erna Solberg (H) mislukkast i sine forsøk på å gjere endringar i kvotefordelinga og fekk kritikk frå både den dåverande opposisjonen og fiskerinæringa for sine framlegg.

Det Solberg & Co greidde i løpet av sine åtte år i regjering var å skape ei uvisse av kva som kunne kome. Den uvissa har vart fram til fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth fredag kom med Støre-regjeringa sitt framlegg. Den uvissa er både næringa og truleg fleirtalet av politikarane lei av. Det talar og for eit breitt forlik.

Men forliket vil ikkje bli inngått utan strid.

Dei første reaksjonane etter at meldinga kom, tyder på at det mest krevjande spørsmålet blir omfordelinga av kvotar - til fordel for den såkalla opne gruppa av fiskarar.

Opa gruppe er eigarane av små fiskebåtar, der det ikkje krevst noko spesielle løyve eller fartøykvotar for å drive. Bransje- og arbeidsgivaren Fiskebåt meiner framlegget vil bety 50.000 kroner i tapt årsinntekt for om lag 2000 mannskap på fiskebåtar, basert på 2023-fangst og prisar. Gitt lønsemda som har vore i fiskeflåten dei siste åra kan Fiskebåt få vanskar med å få gehør for sin klage, men her er det først og fremst det prinsipielle som er stridsspørsmålet.

Prinsippet om å ikkje rokke ved fordelinga av fiskekvotane har vore ein stabiliserande faktor, der ingen kunne basere seg på å få auka lønsemd gjennom politiske vedtak om å endre på kvotefordelinga.

På førehand var det frykt for at regjeringa ville gå inn for langt meir omfattande omfordeling, men det gjorde den altså ikkje.

Publisert: 13.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 13.01.2024 12:34

Mer om