- I alle fall 50.000 kroner opp
Så mykje kan yngre arbeidstakarar som skiftar jobb, vente i lønsauke.
- I alle fall 50.000 kroner opp, seier Bente Ranum, leiar for Nordvestlandskontoret til rekruttering- og bemanningsselskapet Randstad om kva arbeidstakarar rundt 30 år no får tilbod om i lønsauke for å skifte jobb.
Alt i fjor haust fortalde ho om aukande konkurranse om arbeidskrafta, og den har berre blitt hardare.
- Vi brukar masse tid på å løyse oppdrag, seier Ranum.
30 prosent vurderer jobbskifte
30 prosent av
arbeidstakarane under 34 år vurderer å skifte jobb før sommaren, svarar
dei i ei landsomfattande spørjeundersøkjing Randstad har gjort.
4000 personar er spurt. Interessa for å skifte jobb er størst hos dei yngre. Når alle aldersgrupper er med svarar 23 prosent at dei vurdere jobbskifte før sommaren.
- Det er verkelig høg temperatur i visse deler av arbeidsmarknaden no, og vi har mange kundar som treng hjelp til rekruttering. Det er mange stillingar som må erstattast, og slik har det også vore ei stund, seier administrerande direktør Eivind Bøe i Randstad i ei pressemelding.
- Det samsvarar veldig bra med det vi ser (på Nordvestlandet, red. merk), seier Bente Ranum om funna i spørjeundersøkjinga.
Ho har tre oppmodingar til bedriftsleiarane:
Det er viktig å introduserer nytilsette godt i bedrifta og mellom anna ha tilbod om vidarutvikling og vidareutdanning for å gjere det meir freistande å kome inn og å bli.
Også eldre og etablerte arbeidstakarar blir motivert av sjansen til etterutdanning og vidareutvikling.
Ha ein klar plan slik at du kan vere kjapp når du skal rekruttere. I dagens arbeidsmarknad risikerer du at kandidatane blir snappa av andre om tilsettingsprosessen dreg ut.
Fallande arbeidsløyse
I april-statistikken frå Nav er det registrert 1,7 prosent heilt arbeidslause i Møre og Romsdal og Nav trur arbeidsløysa skal falle enda meir no i mai.
Arbeidsløysa i fylket har ikkje vore lågare sidan hausten 2012.
Publisert: 09.05.2022 15:00
Sist oppdatert: 09.05.2022 14:46