Nytt
Store planar for landbasert oppdrett
Om alt går etter planen, vil det tidleg neste år verte oppstart av eit stort landbasert oppdrettsanlegg i Barstadvika ved Måløy.
19.09.2018
Bak står selskapet Onshore Fishing Solutions (OFS) Måløy, med Ronny Almenning i spissen.
OFS Måløy samareider med selskapet Niri, som i regi av gründer Arne Gravdal har utvikla løysingar for landbasert oppdrett, og som starta eit testanlegg i Irland i 2012.
I fjor kom det inn nye aksjonærar og ny kapital i Niri, og Fiskevegn-direktør Trond Inge Kvernevik gjekk inn som styreleiar.
- Det viktige er no å ta steget frå produkt til industri. Det ser bra ut, seier Kvernevik, som orienterte om planane ved den store fiskeri- og havbrukskonferansen på Raudeberg tysdag.
- I første fase ser vi for oss 1.000 tonn, i fase to rundt 7.500 tonn og til slutt 15.000 tonn, seier Kvernevik.
Han meiner at Barstadvika mellom Måløy og Raudeberg er ei ideell plassering for eit slikt stort landanlegg.
- Her er svært gode hamnetilhøve, her er det god plass, her hentar vi sjøvatnet frå 30 meters djup rett utanfor kaia, og her er det god tilgang til ferskvatn.
Meininga er å setje ut smolt seks gongar årleg.
- Eit utruleg spennande prosjekt, der fleire gode partnerarar samarbeider, seier Kvernevik.
Av partnerane er også Stad-verksemda Stadpipe, samt danske Pisco som har spesialkompetanse på RAS-teknologien.
I tillegg er britiske Reliant og det Måløy-baserte fiskehelseselskapet Fishguard involverte.
OFS Måløy samareider med selskapet Niri, som i regi av gründer Arne Gravdal har utvikla løysingar for landbasert oppdrett, og som starta eit testanlegg i Irland i 2012.
I fjor kom det inn nye aksjonærar og ny kapital i Niri, og Fiskevegn-direktør Trond Inge Kvernevik gjekk inn som styreleiar.
- Det viktige er no å ta steget frå produkt til industri. Det ser bra ut, seier Kvernevik, som orienterte om planane ved den store fiskeri- og havbrukskonferansen på Raudeberg tysdag.
15.000 tonn biomasse
I Barstadvika har OFS Måløy søkt om lisens/konsesjon for produksjon av 15.000 tonn biomasse av laks og sjøørret i tankar med resirkulasjons-teknologi.- I første fase ser vi for oss 1.000 tonn, i fase to rundt 7.500 tonn og til slutt 15.000 tonn, seier Kvernevik.
Han meiner at Barstadvika mellom Måløy og Raudeberg er ei ideell plassering for eit slikt stort landanlegg.
- Her er svært gode hamnetilhøve, her er det god plass, her hentar vi sjøvatnet frå 30 meters djup rett utanfor kaia, og her er det god tilgang til ferskvatn.
Opp mot 50 tilsette
Etter planen skal anlegget ferdig utbygt ha opp mot 50 tilsette, der det skal vere jamn slakting gjennom heile sesongen.Meininga er å setje ut smolt seks gongar årleg.
- Eit utruleg spennande prosjekt, der fleire gode partnerarar samarbeider, seier Kvernevik.
Av partnerane er også Stad-verksemda Stadpipe, samt danske Pisco som har spesialkompetanse på RAS-teknologien.
I tillegg er britiske Reliant og det Måløy-baserte fiskehelseselskapet Fishguard involverte.
Eit utruleg spennande prosjekt
Publisert: 19.09.2018 06:01
Sist oppdatert: 03.01.2024 11:21