Avgjersla vart fatta etter at partnaren i Hong Kong nyleg kjøpte Ice Offshore ut av byggjekontrakten på fire offshoreskip.
- Det var ikkje slik vi hadde tenkt det, men vi føler likevel at dette er rett avgjersle, slik verda ser ut i dag, seier administrerande direktør Trond Myklebust.
- Det kan sjå ut som om industrien går mot ein vanskeleg periode med hard kamp om kontraktane og lavare rater. Då er det etter vårt syn ikkje retta tida å entre marknaden, seier operasjonsdirektør Bjørn Ove Endresen.
- Vi ser at også dei som er store og børsnoterte slit med å halde aksjekursane oppe, og det er ikkje enkelt når oljeprisen stuper, seier finansdirektør Geir Sandnes.
Men no kastar dei korta, i alle fall inntil vidare.
- Det er vel rett å seie at Ice Offshore vert lagd på is. Vi tek ein tenkjepause, og så får vi sjå kva som skjer når marknaden endrar seg, seier Trond Myklebust.
Eitt skip er ferdig, eitt er straks klar for overlevering, medan dei to andre vil vere klare rundt nyttår.
Ice Offshore har hatt byggjeoppsynet med skipa, all marknadsføring og i tillegg ein kjøpsrett på dei. No har eigarselskapet i Hong Kong kjøpt ut Ice Offshore.
- Isolert sett har dette vore eit godt prosjekt for oss. Og når partnaren vår ville kjøpe oss ut av prosjektet og det i eit vanskeleg marknad, kunne vi ikkje seie nei til gevinsten.
- Men det skulle ikkje stoppe her. Dessverre lukkast vi ikkje med å får realisert dei andre prosjekta vi arbeidde med, seier Myklebust.
- I rapportar frå uavhengige tredjepartsinspeksjonar vert det slått fast dette er dei beste offshorefartøya som hittil er bygde i Kina, seier Endresen.
- Det er faktisk både vi og inspektørane våre veldig stolte av.
- Det er ikkje alltid like enkelt å byggje skip i Kina. Det veit vi litt om. Dermed visste vi også kva vi måtte passe på ved bygging av desse fire skipa.
- På det meste har vi hatt tolv mann i sving på verftet, seier Endresen.
- Og alle nordmennene som har vore der for oss er alle røynde innan bygging av offshorefartøy i Asia.
Trond Myklebust seier at det i utgangspunktet var hans plan å starte eit nytt offshoreselskap. Dette skjedde etter at han i 2011 slutta som konsernsjef i Kongsberg Evotec. Før det hadde han vore administrerande direktør i Bourbon Offshore, skipsmeklar i Seabrokers og hatt ei rekkje posisjonar i Remøy Management.
- Men det var som fiskar og sjømann eg starta mi yrkesaktive karriere og segla som kaptein på ulike offshoreskip fram til 1997.
- Ja, Trond var kaptein på same båt som eg var overstyrmann på, seier Bjørn Ove Endresen.
- Eg handplukka både Bjørn Ove Endresen og Geir Sandnes til å vere med å starte Ice Offshore, seier Myklebust.
Sandnes er på sin side økonomiutdanna, og har jobba med finansiering av offshoreprosjekt i mellom anna Kredittbanken/Glitnir Bank, seinare som aksjeanalytikar i Glitnir Securities/RS Platou Markets i seks år.
Trioen seier at dei landar trygt med begge beina på jorda, sjølv om dei no har lagt draumen om eige offshoreselskap på is.
- Vi er glade for å kunne gjere opp for oss overfor dei som har hatt trua på oss og investert i selskapet. Ingen har tapt pengar på vårt ærlege forsøk.
- Vi fryktar at marknaden for offshorefartøy går mot ein tøff periode og då er det liten vits at vi er med å bridra til at ting går i feil retning.
- Men samstundes kan det vere i desse periodane det kan vere lurt å satse, så vi får heller vente å sjå kva slags mulegheiter som eventuelt dukkar opp, seier Myklebust.
Sandnes er samd.
- Det er trass alt ikkje alle selskap som kan gå inn i 2015 med null i gjeld og bra med pengar på bok.
- Det var ikkje slik vi hadde tenkt det, men vi føler likevel at dette er rett avgjersle, slik verda ser ut i dag, seier administrerande direktør Trond Myklebust.
- Det kan sjå ut som om industrien går mot ein vanskeleg periode med hard kamp om kontraktane og lavare rater. Då er det etter vårt syn ikkje retta tida å entre marknaden, seier operasjonsdirektør Bjørn Ove Endresen.
- Vi ser at også dei som er store og børsnoterte slit med å halde aksjekursane oppe, og det er ikkje enkelt når oljeprisen stuper, seier finansdirektør Geir Sandnes.
Ice Offshore på is
Dei tre partnarane starta offshoreselskapet Ice Offshore i 2012, skaffa ei rekkje nøkkelpersonar som har vore klare til å gå inn i selskapet på kort varsel, og leigde eit stort lokale midt i Ålesund sentrum.Men no kastar dei korta, i alle fall inntil vidare.
- Det er vel rett å seie at Ice Offshore vert lagd på is. Vi tek ein tenkjepause, og så får vi sjå kva som skjer når marknaden endrar seg, seier Trond Myklebust.
Byggjeoppsyn med fire Kina-skip
Selskapet har hatt på hand fire offshoreskip av Rolls-Royce sitt UT-771 CDL-design. Dei fire mellomstore PSV-skipa er bygde i Kina, og var i utgangspunktet bestilt av eit Hong Kong-basert selskap.Eitt skip er ferdig, eitt er straks klar for overlevering, medan dei to andre vil vere klare rundt nyttår.
Ice Offshore har hatt byggjeoppsynet med skipa, all marknadsføring og i tillegg ein kjøpsrett på dei. No har eigarselskapet i Hong Kong kjøpt ut Ice Offshore.
- Isolert sett har dette vore eit godt prosjekt for oss. Og når partnaren vår ville kjøpe oss ut av prosjektet og det i eit vanskeleg marknad, kunne vi ikkje seie nei til gevinsten.
- Men det skulle ikkje stoppe her. Dessverre lukkast vi ikkje med å får realisert dei andre prosjekta vi arbeidde med, seier Myklebust.
Ros for arbeidet
Ice Offshore har fått gode skussmål for arbeidet med dei fire skipa.- I rapportar frå uavhengige tredjepartsinspeksjonar vert det slått fast dette er dei beste offshorefartøya som hittil er bygde i Kina, seier Endresen.
- Det er faktisk både vi og inspektørane våre veldig stolte av.
Kina-erfaring
Både Bjørn Ove Endresen og Trond Myklebust har tidlegare vore byggherrar for skip i Kina, Endresen som direktør for offshorereiarlaget Neptune Offshore, Myklebust frå tida som direktør i Bourbon Offshore.- Det er ikkje alltid like enkelt å byggje skip i Kina. Det veit vi litt om. Dermed visste vi også kva vi måtte passe på ved bygging av desse fire skipa.
- På det meste har vi hatt tolv mann i sving på verftet, seier Endresen.
- Og alle nordmennene som har vore der for oss er alle røynde innan bygging av offshorefartøy i Asia.
Myklebust la planen
Dei tre partnarane eig totalt rundt 70 prosent av Ice Offshore. Resten er eigd av Waagan Holding AS og Converto AS.Trond Myklebust seier at det i utgangspunktet var hans plan å starte eit nytt offshoreselskap. Dette skjedde etter at han i 2011 slutta som konsernsjef i Kongsberg Evotec. Før det hadde han vore administrerande direktør i Bourbon Offshore, skipsmeklar i Seabrokers og hatt ei rekkje posisjonar i Remøy Management.
- Men det var som fiskar og sjømann eg starta mi yrkesaktive karriere og segla som kaptein på ulike offshoreskip fram til 1997.
- Ja, Trond var kaptein på same båt som eg var overstyrmann på, seier Bjørn Ove Endresen.
Handplukka Endresen og Sandnes
Endresen har same utdanning som Myklebust, og hatt ei rekkje stillingar hos Remøy Management, i Seabrokers i Houston, Texas og i Trico Supply, før han starta Neptune Offshore i 2007. Der var han til han i 2012 vart utløyst av dei andre partnarane.- Eg handplukka både Bjørn Ove Endresen og Geir Sandnes til å vere med å starte Ice Offshore, seier Myklebust.
Sandnes er på sin side økonomiutdanna, og har jobba med finansiering av offshoreprosjekt i mellom anna Kredittbanken/Glitnir Bank, seinare som aksjeanalytikar i Glitnir Securities/RS Platou Markets i seks år.
Trioen seier at dei landar trygt med begge beina på jorda, sjølv om dei no har lagt draumen om eige offshoreselskap på is.
- Vi er glade for å kunne gjere opp for oss overfor dei som har hatt trua på oss og investert i selskapet. Ingen har tapt pengar på vårt ærlege forsøk.
Heilt ny situasjon
Dei seier at oljeprisfallet har snudd opp-ned på heile situasjonen.- Vi fryktar at marknaden for offshorefartøy går mot ein tøff periode og då er det liten vits at vi er med å bridra til at ting går i feil retning.
- Men samstundes kan det vere i desse periodane det kan vere lurt å satse, så vi får heller vente å sjå kva slags mulegheiter som eventuelt dukkar opp, seier Myklebust.
Sandnes er samd.
- Det er trass alt ikkje alle selskap som kan gå inn i 2015 med null i gjeld og bra med pengar på bok.
Vi er glade for å kunne gjere opp for oss overfor dei som har hatt trua på oss og investert i selskapet
Publisert: 02.12.2014 06:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39






