Nytt
– Ikkje i nærleiken av å dekke tapet
Eit bilutleigefirma, ein suvenirbutikk og eit treningssenter har så langt fått mest i «koronastøtte» i Møre og Romsdal. Sjekk topplista her.
Marius Rosbach
24.04.2020
(Sjå oversikt over bedriftene som har fått mest støtte under)
Frå fredag var det mogleg å søke kven bedrifter som har fått sokalla kontantstøtte frå styresmaktene. Så langt er det Møre og Romsdal Bilutleie, Fjordbuda Nordvest og Sprek365 Nordvest som hadde fått mest støtte i Møre og Romsdal fylke (sjå liste under).
Kompensjonsordninga skal dekke faste utgifter til verksemder som har hatt stor svikt i inntektene som følgje av koronakrisa.
– Det er ikkje i nærleiken av å dekke tapet vi har hatt. Men saman med eit ekstraordinært likviditetslån, hjelper det slik at vi overlever, fortel styreleiar Jan Ivar Maråk i Fjordbuda Nordvest til NETT NO.
Maråk fortel at konsernet har justert ned budsjettet frå ein forventa omsetnad på 90 millionar – til fem millionar kroner.
I dag er det berre Ålesund-butikken som er ope på Nordvestlandet, medan mellom anna butikkane i Geiranger, Hellesylt og Nordfjordeid er stengt. Utan besøk av cruiseskip og utanlandske turistar er det knapt marknad att for varene deira.
– Det er nesten ein føresetnad at støtta til reiselivsnæringa held fram utover sommaren, meiner han.
Verksemdene må ha hatt eit fall i inntektene på minst 30 prosent (20 prosent i mars) samanlikna med tidlegare år. Regjeringa har tidlegare opplyst at dei vil vurdere å justere ordninga etter første utbetaling i april.
(Sjå oversikt over bedriftene som har fått mest støtte under)
Skattedirektør Hans Christian Holte påpeiker at det ein styrke ved ordninga, at den er open for innsyn. Det er mogleg å søke på namn, organisasjonsnummer, geografisk plassering og fleire andre data.
Dei som er pålagt å stenge kan få dekt opptil 90 prosent av faste kostnader. Andre kan få dekt opp til 80 prosent. Det er med andre ord ikkje sjølv inntektstapet som blir dekka. Regjeringa jobbar også med ein eigen utrekningsmodell for sesongbedrifter.
MØRE OG ROMSDAL BILUTLEIE AS – 481.787,-
FJORDBUDA NORDVEST AS – 376.753,-
SPREK365 NORDVEST AS – 337.388,-
SUNNMØRE CARAVAN AS – 296.124,-
U AANDAHLS EFTF AS – 288.760,-
MOTUS TECHNOLOGY AS – 217.567,-
LUNVIK AS – 211.006,-
BRØDR AARSETH AS – 200.306,-
PLUSSREISER AS – 182.836,-
J&W SERVERING AS – 164.117,-
BRO AS – 156.657,-
HAVKRO-DRIFT AS – 150.292,-
MOLO BREW AS – 137.003,-
TERMINALEN BYSCENE AS – 135.269,-
GRIFF AVIATION AS – 135.139,-
NORSK TINDESENTER AS – 131.848,-
PURE NORWEGIAN SEAFOOD AS – 129.393,-
ARNTZENKRAFT SOLSTUDIOER AS – 124.830,-
LØVIKNES CARAVANIMPORT AS – 122.373,-
WESTRES KONDITORI AS – 113.996,-
(ekstern lenke
Frå fredag var det mogleg å søke kven bedrifter som har fått sokalla kontantstøtte frå styresmaktene. Så langt er det Møre og Romsdal Bilutleie, Fjordbuda Nordvest og Sprek365 Nordvest som hadde fått mest støtte i Møre og Romsdal fylke (sjå liste under).
Kompensjonsordninga skal dekke faste utgifter til verksemder som har hatt stor svikt i inntektene som følgje av koronakrisa.
– Det er ikkje i nærleiken av å dekke tapet vi har hatt. Men saman med eit ekstraordinært likviditetslån, hjelper det slik at vi overlever, fortel styreleiar Jan Ivar Maråk i Fjordbuda Nordvest til NETT NO.
Kutta budsjettet frå 90 til 5 millionar
Hovudavdelinga til firmaet er suvenirbutikken i Kongens gate, men eigarselskapet Vinjenaustet Holding har eit 20-tals slike butikkar fleire stader i landet.Maråk fortel at konsernet har justert ned budsjettet frå ein forventa omsetnad på 90 millionar – til fem millionar kroner.
I dag er det berre Ålesund-butikken som er ope på Nordvestlandet, medan mellom anna butikkane i Geiranger, Hellesylt og Nordfjordeid er stengt. Utan besøk av cruiseskip og utanlandske turistar er det knapt marknad att for varene deira.
Les også:
Håpar på vidareføring
Ordninga gjeld for mars, april og mai, men Maråk håpar den blir utvida. Han viser til at det største inntektstapet for dei – og mange andre som hentar inntektene sine frå turisme – kjem i sommarmånadene.– Det er nesten ein føresetnad at støtta til reiselivsnæringa held fram utover sommaren, meiner han.
Verksemdene må ha hatt eit fall i inntektene på minst 30 prosent (20 prosent i mars) samanlikna med tidlegare år. Regjeringa har tidlegare opplyst at dei vil vurdere å justere ordninga etter første utbetaling i april.
Les også:
(Sjå oversikt over bedriftene som har fått mest støtte under)
Alle kan søke om innsyn
Kompensasjonsordninga blei opna førre helg, og fredag kom løysinga som gjer at alle kan søke om innsyn i kva bedrifter som har fått innvilga støtte. Løysinga ligg tilgjengeleg på Skatteetaten sine , og blir oppdatert dagleg.Skattedirektør Hans Christian Holte påpeiker at det ein styrke ved ordninga, at den er open for innsyn. Det er mogleg å søke på namn, organisasjonsnummer, geografisk plassering og fleire andre data.
Dei som er pålagt å stenge kan få dekt opptil 90 prosent av faste kostnader. Andre kan få dekt opp til 80 prosent. Det er med andre ord ikkje sjølv inntektstapet som blir dekka. Regjeringa jobbar også med ein eigen utrekningsmodell for sesongbedrifter.
Les også:
Bytoget:
Bedriftene med mest støtte i Møre og Romsdal:
(Per fredag 24. april - beløp i heile kroner)MØRE OG ROMSDAL BILUTLEIE AS – 481.787,-
FJORDBUDA NORDVEST AS – 376.753,-
SPREK365 NORDVEST AS – 337.388,-
SUNNMØRE CARAVAN AS – 296.124,-
U AANDAHLS EFTF AS – 288.760,-
MOTUS TECHNOLOGY AS – 217.567,-
LUNVIK AS – 211.006,-
BRØDR AARSETH AS – 200.306,-
PLUSSREISER AS – 182.836,-
J&W SERVERING AS – 164.117,-
BRO AS – 156.657,-
HAVKRO-DRIFT AS – 150.292,-
MOLO BREW AS – 137.003,-
TERMINALEN BYSCENE AS – 135.269,-
GRIFF AVIATION AS – 135.139,-
NORSK TINDESENTER AS – 131.848,-
PURE NORWEGIAN SEAFOOD AS – 129.393,-
ARNTZENKRAFT SOLSTUDIOER AS – 124.830,-
LØVIKNES CARAVANIMPORT AS – 122.373,-
WESTRES KONDITORI AS – 113.996,-
(ekstern lenke
Saman med eit ekstraordinært likviditetslån, hjelper det slik at vi overlever
Publisert: 24.04.2020 14:26
Sist oppdatert: 08.03.2023 12:24