Anders Bjornerem Nordic Wildfish foto Ogne
SÅG ETTER ALTERNATIV: Anders Bjørnerem er dagleg leiar i fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish på Valderøya. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Valderøya-reiarlag var klar for Færøyane

Anders Bjørnerem budde mannskapet på at dei kunne få ny heimehamn for å unngå CO2-avgift.

03.12.2025

På GCE Blue Maritime Cluster og NCE Blue Legasea sin fiskerifagdag på Valderøya onsdag fortalde Nordic Wildfish-sjef Anders Bjørnerem at fiskebåtreiarlaget låg an til på måtte betale 40 millionar kroner i CO2-avgift neste år. 

Til Nett No seier Bjørnerem at han allereie hadde budd mannskapet på selskapet sine tre båtar, at Færøyane kunne bli den nye heimehamna som ein konsekvens av avgifta.

Der kan båtane fylle drivstoff avgiftsfritt, samstundes som Færøyane har det som trengs av verkstadar og firma som kan utføre reparasjonar, levere proviant og utstyr.

Hadde CO2-avgifta blitt ståande, hadde selskapet ikkje hatt noko val, seier han.

Utsett
Norske fiskebåtreiarar har hittil kunne fylle drivstoff avgiftsfritt i Noreg, dersom dei etterpå reiste til utanlandsk hamn og starta fisket der. 

Det ville regjeringa ha ein slutt på tidlegare i år, men slo raskt retrett etter store protestar og utsette endringa. 

Bjørnerem var budd på at høvet til å bunkre avgiftsfritt, ville forsvinne frå årsskiftet. Han tolkar semja om statsbudsjettet slik at det blir høve til å fylle avgiftsfritt etter dagens ordning, i alle fall eit halvt år framover.

Omstridd avgift
CO2-avgifta på drivstoff, som også er innført for fiskeflåten, skal gjere det dyrare å bruke diesel og stimulere til energikjelder som ikkje gir utslepp av CO2.

Planen er å trappe opp avgifta gradvis fram til 2030.

Problemet, sett frå fiskeflåten si side, er at det per i dag ikkje er reelle alternativ til diesel. Per i dag er den også ei særnorsk avgift.

Før valet sa både Frp, Høgre og Krf at dei vil fjerne avgifta, medan Arbeidarpartiet i regjering ha auka kompensasjonen for avgifta, i takt med avgiftsauken. 

Usikkert om unntak
Den norske CO2-avgifta har nokre unntak.

Det eine, som Nordic Wildfish nyttar seg av, er høvet til å bunkre i Noreg, dra til Shetland, Færøyane eller Bjørnøya - og starte fisket derifrå. Då blir det ikkje avgift, men ein omveg ut på fiskefelta.

Då regjeringa tidlegare i år foreslo å ta bort dette unntaket, åtvara Bunker Oil i Ålesund om at selskapet i så fall ville tape så store inntekter at fleire av selskapet sine bunkersstasjonar i Nord-Noreg kunne bli nedlagt.

Publisert: 03.12.2025 11:19

Sist oppdatert: 03.12.2025 18:42

Mer om