NTB k2d Mg8j Y8 WY 1
TUNNEL: Milliardprosjektet om skipstunnel i Stad har vore i emning i lang tid. Illustrasjonsfoto: Kystverket/Snøhetta/Plomp / NTB / NPK
Nytt

- Ikkje viktig kort i budsjettforhandlingane

SV vil ikkje setje hardt mot hardt om Stad skipstunnel i budsjettforhandlingane.

NPK
08.11.2022

(NPK - NETT NO): Den planlagde skipstunnelen i Stad kommune er anslått å koste nær 3 milliardar kroner. I det alternative budsjettet foreslår SV å skrote milliardprosjektet.

– Vi vil ikkje prioritere han i år, vi har ikkje rom for Stad skipstunnel, seier den samferdselspolitiske talsperson for partiet Mona Fagerås til NRK.

Voss - Bergen
Skipstunnelen skal etter planen vere 1,7 kilometer lang og dimensjonert for skip med ei breidd på 26,5 meter, høgd på 37 meter og djupn på 12 meter. Prosjektet har eit klart mål om å sikre auka framkomme og tryggleik for sjøtransporten.

SV meiner det er meir formålstenleg å bruke pengane til andre samferdselsprosjekt, mellom anna E16 mellom Arna og Voss.

– Vegen til Voss frå Bergen har vore utsett for mange ras, og rassikring er viktig. Det blir ei avveging, og E16 er viktigast å setje høgt, seier fylkesleiar Hege Lothe i Vestland SV.

- Ikkje viktig kort
Til NTB seier nestleiaren i partiet Torgeir Knag Fylkesnes at skipstunnelen er eit døme på eit prosjekt som ein kan sjå nærare på og som kan utsetjast i ei stram tid der SV ønskjer å prioritere velferd for alle og omfordeling i staden.

Men han avviser at det er eit viktig kort i budsjettforhandlingane med regjeringa.

– Vi er nok meir kravstore på ei rekkje andre område i forhandlingane enn Stad, seier Fylkesnes.

Publisert: 08.11.2022 12:25

Sist oppdatert: 08.11.2022 12:35

Mer om