Ny uro kring skipstunnelen
Frykt for at samferdselsprosjektet blir skrinlagt fordi SV ikkje har funne plass i sitt alternative budsjett.
Reaksjonene er fleire og kraftige, etter det vart kjent at SV ikkje har med Stad skipstunnel i sitt alternative statsudsjett for neste år. Fleire fryktar no at det kan bety at samferdselsprosjektet hamnar i grøfta, og ikkje blir realisert.
Arbeiderpartiet og Senterpartiet sette av 76 millionar kroner til skipstunnelen i sitt forslag, slik at det er mogleg å kome i gong med bygginga i 2024.
Før ein kjem så langt skal ein gjere undersøkingar, ekspropriasjonar, reguleringsarbeid og lage planar for massehandtering. Anbodet for totalenterprisen er venta å kome ut i marknaden til våren.
SV-representantar vil jobbe for tunnelen
Fylkesleiar Hege Lothe i Vestland SV er mellom dei som reagerer. I eit lesarbrev i Fjordenes Tidende skriv Lothe og lokallagsleiarane frå Stad, Kinn og Bremanger at dei vil jobbe mot eige parti for at prosjektet ikkje vert sett på vent i eitt år.
På leiarplass i Sunnmørsposten blir det åtvara mot at det kan bety slutten for prosjektet, om det ikkje blir realisert no.
Det same er bodskapen frå stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V), som oppmodar lokale kommunar om å ta grep, i lokalavisa Fjordenes Tidende.
Leiaren for Stortingets transportkomite, Erling Sande, fra Senterpartiet meiner SV farer med løftebrot, og vil kjempe for tunnelen i forhandlingane på Stortinget, seier han til NRK.
Vil droppe hurtigbåt Bergen-Ålesund
I helga blei det også kjent at fylkeskommunane meiner at det blir for dyrt å opprette hurtigbåt mellom Bergen og Ålesund. Det kjem fram i sakspapira til samferdselsutvalet i Møre og Romsdal som har møte fredag.
Det er lagt fram same innstilling for politikarane i Vestland fylke, og kan vere med å påverke innstillinga til politikarane som skal behandle statsbudsjettet. Saka blei først omtalt av Sunnmørsposten.
Med eit anslått passasjergrunnlag på 120-200 passasjerer per dag med to båtar og 4-10 avgangar vil prislappen vere på 55 til 70 millionar kroner. Det betyr at fylkeskommunane må støtte kvar reisande med 950-1200 kroner, og blir for dyrt, er konklusjonen frå administrasjonen i begge fylka.
Samtidig har Cruise Service fått løyve til å drive hurtigbåt mellom Ålesund og Stad. Ei slik rute kan uansett knyte saman båtreisande vidare til Bergen, via hurtigbåten frå Selje.
Publisert: 07.11.2022 09:05
Sist oppdatert: 07.11.2022 11:10