Kystverket: - Vi køyrer på!
Planlegg Stad skipstunnel vidare for fullt, og opplever stor støtte for prosjektet.
Aftenposten har på leiarplass gått inn for å droppe Stad skipstunnel, og regjeringa har signalisert mindre satsing på samferdsel og stans i fleire prosjekt ved framlegginga av neste års statsbudsjett. Bakgrunnen er frykt for vidare oppheiting av økonomien.
I eit nyheitsbrev frå Kystverket vert det slått fast at ein har ikkje fått noko signal om stans i prosjektet, heller tvert imot.
- Prosjektet er vedtatt og vi er som kjent godt i gong med arbeidet. Vi opplever stor støtte og engasjement frå politikarar, næringsliv, reiselivsaktørar og ikkje minst frå dei komande brukarane av tunnelen, som til dømes hurtigbåtnæringa og kystrederia, vert det fastslått.
Stort behov
Forkjemparane for prosjektet er uansett litt urolege, og mobiliserte sist veke til konferanse om skipstunnelen om bord på Havila Kystruten-skipet Havila Capella.
Kystverket slår no fast at behovet for skipstunnelen er stort, ikkje berre i dårleg vêr, som det kan vere mykje av rundt Stad, med ofte over 100 stormdøgn per år.
Det blir vist til ei temperaturmåling blant Kystrederienes medlemer, som viser at heile 80 prosent vil nytte tunnelen på regulær basis.
Kystrederiene organiserer over 200 reiarleg, som trafikkerer norskekysten dagleg.
- Eit klimatiltak
Næringspolitisk rådgjevar Linn Therese Skår Hosteland i Kystrederiene viser til at ved sidan av at skipstunnelen er eit tryggleikstiltak som gir moglegheiter for næringslivet lokalt og godstransporten nasjonalt, er tunnelen også eit klimatiltak.
– Skipa vil oppnå betydelege klimagass-reduksjonar ved å bruke tunnelen, ettersom belastninga på fartøyet og energiforbruket på skipa går ned, seier ho.
Kystverket slår fast at det er igen grunn til å ikkje jobbe på vidare for å realisere prosjektet.
- Det vesentlegaste no er å få ferdig den teknisk funksjonsbeskrivelsen, som omtalar korleis tunnelen skal byggast, inkludert krav til tekniske installasjonar. Dette skal så inngå i konkurransegrunnlaget som etter planen skal ut på anbod til entreprenørar i løpet av våren 2023.
Medbestemmelse
Samtidig viser Kystverket til at det pågår eit omfattande reguleringsarbeid ved og i nærleiken av tunnelen.
- Her er vi og Stad kommune opptekne av medbestemmelse og ein tett dialog med lokalbefolkninga på begge sider av tunnelen. Vi inviterer til jamlege informasjons- og medverknadsmøter.
Kystverket og Stad kommune inviterer no innbyggjarane i Kjøde og Moldefjorden til informasjons- og medverknadsmøte onsdag 28. september på Moldestad Grendahus og torsdag 29. september på Kjøde skulehus.
Møta vil omhandle siste status i prosjektet, med eit spesielt fokus på støy og støysoner på begge sider av tunnelen. I tillegg vil det kome informasjon om det pågåande reguleringsarbeidet, både for Stad skipstunnel og planane for næringsområda på Lesto og i Kjøde.
- Til slutt vil ein prøve å få til en «idèverkstad, der ein ønskjer å få innspel om arealbruk og utsjånad på tunnelopningar/entringsområde, opplyser Kystverket.
Publisert: 16.09.2022 05:18
Sist oppdatert: 16.09.2022 08:51