- Vi er i ein region som må begynne å tenkje saman: Kva er grunnlaget for å få synleggjort og utvikle verdiskaping?, seier Guttorm Ulla, avtroppande dagleg leiar i Haram Næring og Innovasjonsforum.
Sidan 1996 har han arbeidd med å løfte fram, byggje kompetansen og utvikle næringslivet i Haram. Den formelle tittelen og arbeidsgivaren har skifta, men oppgåvene i jobben har vore det same.
No blir han pensjonist, med eit råd til Nordvestlandet om å trekkje enda meir saman. Det er ein vinn-vinn-situasjon, som alle vil tene på.
- Skal Haram utvikle seg må regionen utvikle seg, seier Ulla.
Ulla meiner det tette samarbeidet mellom kommune og næringsliv har vore ein stor fordel for næringsutviklinga i kommunen. Det er ein tett dialog mellom kommunen og bedriftene i Haram, ein arbeidsmåte som andre kan lære av - etter Ulla si vurdering.
- Kanskje det offentlege må tenkje meir på korleis bedriftene kan lukkast, seier Ulla.
I dag er begge dei to store arbeidgivarane i kommunen, Vard og Rolls-Royce Marine, eigd av utanlandske konsern, og Mørenot er i ferd med å få ny eigar.
Det står ikkje mellom Ulsteinvik og Fosnavåg lenger, seier Ulla. Det står mellom Nordvestlandet og store regionar sør (Bergen) og nord for (Trondheim).
Sjølv om Ulla blir pensjonist legg han ikkje arbeidet for næringsutvikling på hylla. Han er styremedlem regionbyggingskonferansen The North West, som skal arrangere sin første konkurranse til våren.
Sidan 1996 har han arbeidd med å løfte fram, byggje kompetansen og utvikle næringslivet i Haram. Den formelle tittelen og arbeidsgivaren har skifta, men oppgåvene i jobben har vore det same.
No blir han pensjonist, med eit råd til Nordvestlandet om å trekkje enda meir saman. Det er ein vinn-vinn-situasjon, som alle vil tene på.
- Skal Haram utvikle seg må regionen utvikle seg, seier Ulla.
Samarbeid
Haram Næring og Innovasjonsforum er både ein medlemsorganisasjon for bedriftene i kommunen, men og kommunens verktøy for å drive næringsutvikling.Ulla meiner det tette samarbeidet mellom kommune og næringsliv har vore ein stor fordel for næringsutviklinga i kommunen. Det er ein tett dialog mellom kommunen og bedriftene i Haram, ein arbeidsmåte som andre kan lære av - etter Ulla si vurdering.
- Kanskje det offentlege må tenkje meir på korleis bedriftene kan lukkast, seier Ulla.
Frå familieselskap til konsern
Lærarutdanna Guttorm Ulla kom inn i næringsutviklingsarbeidet på 90-talet, akkurat i det overgangen frå mindre familieiegde selskape til større konsern tok til.I dag er begge dei to store arbeidgivarane i kommunen, Vard og Rolls-Royce Marine, eigd av utanlandske konsern, og Mørenot er i ferd med å få ny eigar.
Optimist
Ulla er framleis optimist på industrien sine vegne, men understrekar av Nordvestlandet må trekkje saman for at regionen skal vere attraktiv.Det står ikkje mellom Ulsteinvik og Fosnavåg lenger, seier Ulla. Det står mellom Nordvestlandet og store regionar sør (Bergen) og nord for (Trondheim).
Sjølv om Ulla blir pensjonist legg han ikkje arbeidet for næringsutvikling på hylla. Han er styremedlem regionbyggingskonferansen The North West, som skal arrangere sin første konkurranse til våren.
Publisert: 22.02.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18