Ingen frå Ålesund i ny leiarkabal
Fiskeridirektoratet har konstituert 24 leiarar under omorganiseringsprosessen. Ingen av dei arbeider på Ålesund-kontoret.
Fiskeridirektoratet er i gang med ei omorgansiering der direktoratet mellom anna går vekk frå ei geografisk inndelt organisering, med eigne regionkontor og regiondirektørar.
Fram til omorganisieringa er ferdig skal direktoratet styrast av 13 leiarar som held fram i stillinghane sine, i tillegg til 24 som er konstituert i stillingane sine. Det er fire færre leiarstillingar enn i dag.
I tillegg regiondirektørstillinga (som blir fjerna) har kontoret i Ålesund fram til omorganiseringa to leiarar med nasjonalt ansvar, seksjonsjef for høvesvis forvaltningsseksjonen og kontrollseksjonen.
Færre leiarstillingar
Korkje dei to med nasjonalt leiaransvar eller andre frå kontoret i Ålesund er mellom dei konstituerte leiarane.
"Det er nå 24 konstituerte ledere, som er innplassert for å opprettholde drift frem til vi får en politisk avklaring på lokalisering av lederstillinger. Disse er valgt til å gjøre en midlertidig, men svært viktig jobb – og har ikke videre krav på lederstillingene. For øyeblikket er ingen fra Ålesund i denne oversikten, men konstitueringene er midlertidige og gjort etter en helhetsvurdering. I tillegg er det færre lederstillingene i ny modell.", skriv kommunikasjonsavdelinga i Fiskeridirektoratet i ein epost til NETT NO.
Etter omorganiseringa vil kontoret i Ålesund ha 17 tilsette.
Politisk avklaring
I ein tidlegare epost til NETT NO skriv Fiskeridirektoratet at det pågår ei lokaliseringspolitisk utreding og av avgjerda skal takast i Nærings- og fiskeridepartementet og i Kommunal- og distriktsdepartementet.
Då NETT NO snakka med fiskeriminister Bjørnar Skjæran ville ikkje tidfeste når avgjerd kjem.
Direktoratet er ein underliggande etat til Nærings- og fiskeridepartementet.
Publisert: 07.09.2022 08:57
Sist oppdatert: 09.09.2022 11:00