Det seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime etter at selskapet har bestemt seg for å utsetje alle julebord for sine tilsette.
Bakgrunnen er at koronasmitta på nytt aukar.
- Vår vurdering er at det ikkje er rett med såpass store samlingar no.
- Vi må gjere vårt for å redusere smittespreiinga, og trykket på helsevesenet, seier Bonnevie Wollebæk.
Avlyst for 11.000
Ho presiserer at dette også er viktig for selskapet.
- Vi er opptatt av å unngå å få smitte inn der vi har produksjon.
Også andre selskap i Kongsberg Gruppen har bestemt seg for å avlyse årets julebord. I Kongsberg har det lenge vore tradisjon å halde julebord for dei tilsette.
No må rundt 11.000 tilsette finne seg i at det ikkje vert noko av årets julebord.
Vår vurdering er at det ikkje er rett med såpass store samlingar no
- På tide med ein fest
Anette Bonnevie Wollebæk seier at dei tilsette i Kongsberg Maritime hadde gleda seg skikkeleg til årets julebord.
- Det er lysare tider for Kongsberg Maritime, vi jobbar mindre heimafrå og det var på tide med ein fest, så det er litt trist dette.
Bonnevie Wollebæk seier at det var planlagt tre ulike arrangement for Kongsberg Maritime sine 1200 tilsette på Nordvestlandet.
Eitt arrangement var planlagt for dei tilsette på Longva, eitt felles julebord for tilsette i Brattvåg og Ålesund, i tillegg til eitt felles julebord for tilsette i Hjørungavåg og Ulsteinvik.
Vinterfestar
Selskapet får uansett utgifter.
- Det er klart at det ikkje er gratis for oss å avbestille no før jul. Her var det bestilt inn både mat og underholdning.
Anette Bonnevie Wollebæk vedgår at ho hadde ein litt dårleg dag på jobben då det vart bestemt å kutte julebordet.
- No ser vi i staden på mulege datoar for vinterfestar neste år.
Publisert: 26.11.2021 11:22
Sist oppdatert: 26.11.2021 15:08