Anette bonnevie wollebæk damene først foto marius 11
LÆRTE AV PROSESSEN: Kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime fortalde kva bedrifta lærte om kommunikasjon i prosessen med å få nye eigarar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lærte å bruke meir tid på sjefane

Kommunikasjonssjefen i Kongsberg Maritime sine seks tips om kva dei lærte av prosessen med ny eigar.

Marius Rosbach
23.09.2021

Torsdag var det klart for Damene Først, som samla rekordmange deltakarar i bankettsalen ved Scandic-hotellet i Ålesund.

Fleire enn 200 personar i salen fekk mellom anna høyre kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime dele sine erfaringar.

Ho fortalde korleis ho opplevde arbeidet med kommunikasjon når den tidlegare Rolls-Royce-bedrifta fekk ny eigar – og kva dei lærte.

– Det viktigaste vi lærte var at det skal utroleg mye informasjon til, før folk meiner det er for mykje informasjon, sa Wollebæk.

Seks tips fra kommunikasjonssjefen

  1. Det skal utroleg mye informasjon før folk meiner det er for mykje informasjon.
  2. Leiarar som ikkje har tid til å kommunisere med sine tilsette, har ikkje tid til å leie.
  3. Kommunikasjonssjefane bruker for lite tid på leiarstøtte, og prioriterer å pushe tekst og bilde.
  4. Det er lettare å kommunisere mot eitt klart mål, enn å fortelje om fleire endringar der det eine prosjektet tek det andre.
  5. Språk er ei større barriere enn fysisk avstand – og det kan berre gjerast mindre med meir kommunikasjon.
  6. Tillit hjelper og må byggast over tid.
Damene først 2021 foto marius
REKORDDELTAKING: Møteplassen Damene Først blei arrangert for tiande gong torsdag, med fleire enn 200 i salen. Det er ny rekord. Foto: Marius Rosbach
Eg har slutta å lage så mykje fancy greier, og har brukt mykje meir tid på leiarstøtte dei siste åra
Anette Bonnevie Wollebæk

Brukar meir tid på leiarstøtte
Ein anna ting kommunikasjonssjefen lærte, var at ho måtte bruke meir tid på å støtte leiarane.

– Vi hadde ikkje vore gode nok til å hjelpe alle leiarane våre til å kommunisere, påpeika Wollebæk.

Ho påpeika at leiarar måtte vere godt orientert og vite kva dei skulle svare når dei tilsette kom med spørsmål. Konklusjonen hennar er at kommunikasjonssjefane bør bruke mindre tid på å «pushe tekst og bilde», og meir tid på å snakke med leiarane sine.

– Eg har slutta å lage så mykje fancy greier, og har brukt mykje meir tid på leiarstøtte dei siste åra, sa kommunikasjonssjefen.

Sende leiarane på tur
Då beskjeden kom i form av ei børsmelding i januar 2018, om at Rolls-Royce vurderte å selje, var det ikkje heilt overraskande. Likevel var det mykje uro i organisasjonen og spørsmål om framtida.

– Ein av de gode tinga vi gjorde, var å sende leiarane rundt på alle lokasjonane. Vi ville vise at dei var vanlege folk og bygge tillit, sa Wollebæk.

Overalt der leiarane kom, blei dei bedne om å halde eit allmøte og snakke med dei tilsette om kva mål dei hadde. Det skapte ro kring kva Kongsberg ville med eigarskapen.

Språk større utfordring, enn avstand
Samtidig som eigarskiftet gjekk sin gong, skreiv Wollebæk på en masteroppgåve om korleis kommunikasjonen skjer i ei bedrift som ventar på ny eigar.

I ei bedrift som i dag teller kring 7000 tilsette i 34 land, var språk ei av dei store utfordringane i kommunikasjonsarbeidet.

– Det er ei større barriere at folk ikkje forstår, enn at dei sitt langt unna, påpeika kommunikasjonssjefen.

«Vondt» med færre tilsette
Drygt tre år etter prosessen tok til, konkluderer Wollebæk med at eigarskifte har gått «veldig bra». Prosessen førte samtidig til færre tilsette når spesielt leiarnivået blei slanka.

– Det har vore litt vondt fordi det er blitt spesielt færre mellomleiarar, men det har også gjort at det er mange flinke folk som gjer ein god jobb i andre bedrifter, meinte ho.

Publisert: 23.09.2021 11:26

Sist oppdatert: 23.09.2021 22:08

Mer om