Kontrakt med «slangerobot» frå katastrofefilm
Kongsberg Maritime sikra avtale på levering av nyskaping.
Kongsberg Maritime har sikra ei kontrakt på levering av «slangeroboten» Eelume til Argeo, ifølgje ei pressemelding måndag.
Argeo vil bruke autonome løysingar for å gjere undersøkingar både under og over vatn. Ved å legge til rette for meir effektiv innhenting av data, ved bruk av teknologien som Eelume representerer, kan selskapet lage nøyaktige digitale modellar, går det fram av meldinga.
Fått merksemd på kinolerretet
Det er Trondheims-selskapet Eelume, der Kongsberg Maritime er hovudeigar, som er utvikla undervassfarkosten. Nyleg kom også Equinor Ventures inn som aksjonær.
«Slangeroboten» har allereie fått merksemd for si rolle i katastrofefilmen «Nordsjøen».
– Filmen gjer synleg havromteknologi og -løysingar som er tilgjengeleg, sa Kongsberg Maritime-sjef Egil Haugsdal til NETT NO nyleg.
Haugsdal deltok på ei lukka kinovisning i Fosnavåg, og Kongsberg-tilsette over heile landet har fått sett filmen.
Les også
Modulsystem
Namnet Eelume er sett saman av dei engelske orda for ål - «eel» og lys
«lume». På fagspråket blir den omtala som ROV (remotely operated vehicle
- eller undervassdrone. Framdrifta er thrustarar montert på utsida.
Den er sett saman av modular som kan skiftast ut, og ser ut som ein slange. Den kan bevege seg under vatn på store djupner og vanskeleg tilgjengelege plassar. Slik kan den til dømes drive inspeksjon.
Ein drone som ser svært lik ut som filmversjonen, er utvikla i
samarbeid med Equinor og skal etter planen bli nytta til
undervassoperasjonar.
Publisert: 08.11.2021 13:26
Sist oppdatert: 08.11.2021 13:41