NTB p K3 FD6 MN1c A 1
TAPTE: 30 innleigeselskap har tapt ei rettsak mot staten der dei kravde ei mellombels utsetjing av nye reglar for innleige av arbeidskraft. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

Innleigeselskap tapte rettssak mot staten

30 bemanningsselskap som ville stanse dei nye innleigereglane for arbeidskraft, tapte rettssaka mot staten på alle punkt.

04.07.2023

NPK-NTB: Dommen frå Oslo tingrett fall på fredag, og ifølgje Klassekampen har ikkje bemanningsselskapa bestemt seg for om dei vil anke enno.

Tingretten konkluderte med at regelendringane som er innførte, var legitime og forholdsmessige.

Nettstaden bygg.no omtalte saka først.

Nøgd fagrørsle
– Vi blir veldig avgrensa, og delar av bemanningsbransjen blir utradert av dette. Mange menneske mistar jobben, seier dagleg leiar Heine Aardalen i bemanningsbyrået Stolt.

Fagrørsla er derimot svært fornøgd.

– Det er veldig gledeleg at retten var så klar og tydeleg. Det er ei viktig sak for oss å styrkje den norske arbeidslivsmodellen med direkte tilsetjingar, seier LOs nestleiar Steinar Krogstad.

Kan bli sak for Efta-domstolen
Dei 30 selskapa som gjekk til søksmål, meiner at endringane er i strid med EØS-avtalen og ønskte å få utsett innføringa av dei nye reglane inntil overvakingsorganet Esa har avgjort om dei er i strid med EØS-avtalen eller ikkje.

Esa har starta ein prosess der dei ber staten gjere greie for kvifor reglane er innanfor EØS-ramma, og kommunikasjonssjef Jarle Hetland i Esa seier at det er ei prioritert sak.

Blir ikkje Esa og staten samde, kan saka ende i Efta-domstolen, skriv Klassekampen.

Publisert: 04.07.2023 08:39

Sist oppdatert: 04.07.2023 08:57