Prisen Sogn og Fjordane Energi (SFE) fekk for krafta si var 56 prosent lågare i første halvår i år enn i første halvår i fjor. Men samstundes auka selskapet kraftproduksjon med 56 prosent og enda med neste like store inntekter frå kraftproduksjon som i første halvår 2023.
I tillegg fekk selskapet redusert grunnrenteskatten med 24 millionar kroner, og fekk auka overskotet i første halvår samanlikna med i fjor. (sjå tabell).
Utbetringar i fjor
Fulle vassmagasin ved starten av året og godt tilsig gjennom vinteren sikra ein høg kraftproduksjon i første halvår. I første halvår i fjor var produksjonen dessutan redusert på grunn av rehabilitering av fleire store kraftverk skriv selskapet i i halvårsrapporten for 2025.
I lys av utviklinga i kraftprisen var timinga av dei store rehabiliteringane god.
Trass låge prisforventinger for resten av året reknar SFE med å ende med eit resultat etter skatt for heile 2025 omlag på line med 2024. Då var resultatet etter skat 257 millionar kroner.
Tre eigarar
SFE har fleire eigarar; Sogn og Fjordane Holding (49,5 prosent). Eviny-tidlegare BKK (36,8 prosent) og seks kommunar i Nordfjord og Sunnfjord (13,7 prosent).
Eviny har ønskt ei samanslåing, men fekk ikke resten av eigarane med på det. Trass i at Eviny har gitt klare signal om at alternativet til samanslåing var at Eviny gikk ut av selskapet har det per i dag ikkje skjedd noko endringar på eigarsida.
| Sogn og Fjordane Energi as (konsern) | ||
| 1. halvår. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 958,1 | 1301,2 |
| Driftsresultat | 326,2 | 327,6 |
| Resultat før skatt | 197,4 | 174,2 |
Les også
Ingen framdrift i forhandlinger om milliardverdier i kraftkonsern.
Kven skal kjøpe Eviny sin store aksjepost i Sogn og Fjordane Energi når fusjonen ikkje blir noko av?
Eviny vil vurdere å selge seg ut om det ikke blir fusjon med Sogn og Fjordane Energi.
Vil ikkje slå saman Sogn og Fjordane Energi og Eviny (tidlegare BKK).
Publisert: 29.08.2025 10:17
Sist oppdatert: 29.08.2025 10:17






