Ekornes f15bbfde3dc1a14012b0b5f628033328
INNTEKTSVEKST OG KOSTNADSKUTT: Konsernsjef Tine Hammernes Leopold vil kombinere auka sal med kostnadskutt.
Nytt

Inntektene skal opp og kostnadane ned

Ekornes-sjefen legg fram ny strategi. Møter tilsette på Nordvestlandet.

01.07.2024

Etter at Tine Hammernes Leopold overtok som konsernsjef i møbelprodusenten Ekornes i fjor haust har ho halde orienteringsmøte for dei tilsette kvart kvartal.

I dag, måndag, har ho hatt møte med tilsette i Sykkylven før ho reiste til selskapet sin fabrikk i Grodås i Hornindal for å fortelje om den nye strategien til dei tilsette der.

Bakgrunnen for den nye strategien er fall i salet for heile møbelbransjen - også for Ekornes.

Bodskapen hennar er og sendt ut som ei pressemelding: Auka sal, kostnadskutt, meir synleg og betre på nettet, fornying av Stressless-merkevaren - som til saman skal auke lønsemda.

Positivt mottatt
– Etter at ho byrja med dette så er det veldig godt mottatt, seier hovudtilltsvald Edvard Lie hos Ekornes i Sykkylven om Hammernes Leopold sine orienteringsmøte.

Han legg vekt på bodskapen om at salet må opp og ser ikkje meldinga om ny strategi som eit trugsmål mot fabrikkane i Sykkylven og på Grodås, tvert i mot.

– Viss vi har rikeleg med ordrar så tener vi pengar, seier han.

Utnytte kompetansen betre
«Vi må forholde oss til markedsforholdene, og for ledelsen er det viktig å utvise handlekraft som på sikt vil sikre langsiktig verdiskaping i Ekornes. Vi sikter mot omsetningsvekst og vi må utnytte kompetansen bedre enn vi klarer i dag – og vi er kanskje også nødt til å rekruttere kompetanse vi ikke besitter. Det kan derfor bli nedbemanning i enkelte deler av organisasjonen uten at det er konkrete planer for det nå. Målet er å etablere et globalt og mer effektivt selskap, og kollegene våre skal kjenne igjen Ekornes, uavhengig om man jobber i Sykkylven, USA eller Kina», seier Hammernes Leopold i pressemeldinga.

Ekornes har tidlegare varsla omorganiseringa leiargruppe. I dag er den på 12 personar.

Når ny leiargruppe er klar 1. september skal den vere på seks personar.

Publisert: 01.07.2024 13:37

Sist oppdatert: 01.07.2024 13:39

Mer om