Ekornes halverer leiargruppa
Startar vurdering av heile organisasasjonen
I dag har konsernsjef Tine Hammernes Leopold ei leiargruppe på 12 personar.
No skal den kuttast til seks.
Kven som blir ein del av den nye toppleiiinga i møbelkonsernet skal vere klart innan 1. september i år. Den skal fyllast opp av "noverande eller nye kollegaer" ifølgje ei børsmelding frå Ekornes.
Større omorganisering
Halveringa av leiargruppa er starten på det som kan bli ei større omorganisering.
"I løpet av dei komande månaden vil arbeidet starte med å vurdere andre potensielle justering av av resten av organisasjonen", heiter det i børsmeldinga.
Dette er leiargruppa i dag
I tillegg til Tine Hammernes Leopold) er desse personane med i leiargruppa i dag:
* Finansdirektør Fredrik Ødegård Nilsen. Ødegård Nilsen var konstituert leiar for Ekornes etter at Ola Lunde gjekk av i 2022 og Hammernes byrja i september 2023.
(Titlane til dei øvrig på engelsk, slik dei blir presenter i årsmeldinga til Ekornes.Svp er forkorting for senior vice president, vp for vice president)
* Lars Wittemann, Svp Sourcing & Supply
* Janne Strømmen, Svp Marketing
* Terje Veblungsnes, Svp ICT & Diditalization
* Peter Bjerregaard, Svp Commercial North America
* James Thompson, Svp Commercial Europe
* Mark Kelsey, Svp Apac
* Ole Bastian Emdal, Svp Operations & product development
* Guri Brennhovd, Svp Commercial Nordic
* Christin Kathrin Nordgård, Vp People & Culture
* Pål Aage Nordahl, Managing Director Svane
Fall i salet
Den varsla halveringa av leiargruppa og ei organisering av konsernet kjem etter ei periode med fallande inntekter, krympande orderbok og nedbemanning etter boomen under koronapandemien.
"For å sikre at Ekornes skal vere eit selskap med konkurransekraft i verdsklasse innan alle viktige område skal vi sørge for smidigheit, beslutningskraft og gjennomføringskapasitet på tvers av alle delar av vår omfattande verksemd. Dette gjeld også for leiargruppa der vi noskaper ei meir smidig og effektiv gruppe og dermed gjer det råd å auke det strategisk fokus på kjernen i verksemda vår", sier Hammernes Leopold i børsmeldinga.
Publisert: 06.05.2024 09:18
Sist oppdatert: 06.05.2024 22:25