Aukar inntektene, krympar underskotet
Hofseth Biocare vil skille ut fleire patentar, slik selskapet gjorde for første gang tidlegare i år.
Forsking-og utviklingsarbeidet Hofseth Biocare dreiv for å utvikle eit legemiddel til bruk i behandling av prostatakreft er skilt ut i eit nytt selskap, HBC Immunology Inc i USA. Hofseth Biocare er majoritetseigar også etter ei kapitalutviding der nye investorar gjekk inn med 9,5 millionar kroner i august i august i år. Kapitalutvidinga verdsette HBC Immunology Inc til 20 millionar dollar, omlag 220 millionar kroner etter dagens kurs,
Utskiljinga gav Hofseth Biocare ei finansinntekt på 21 millionar kroner i andre kvartal i år og fem millionar i tredje kvartal.
Denne modellen for å kommersialiserer resultatet av utviklingsarbeidet til Hofseth Biocare vil selskapet bruke også framover.
- Det kjem til å skje i løpet av 2024, seier administrerande direktør Jon Olav Ødegård i Hofseth Biocare.
Satsar på legemiddel
Hofseth Biocare videreforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri til ingrediensear i dyrefôr og helsekostprodukt. Hovudkontoret ligg i Ålesund, produksjonsanlegget i Midsund.
RH Industri, som er eigd av primus motor for Hofseth Biocare, Roger Hofseth, er nest største eigar med 17,54 prosent eigarandel.
Dei siste åra har Hofseth Biocare gradvis auka satsinga på å utvikle produkt med dokumenterbar helseeffekt, både inn mot helsekostmarknaden med og mot legemiddelmarknaden.
Vekst sidan 2018
Som det går fram av resultat-tabellane er Hofseth Biocare framleis eit selskap med store underskot.
Frå 2018 har selskapet hadde ein jamn stigning i inntektene, og så langt i år har selskapet auka inntektene og krympa underskotet.
Hofseth Biocare ASA | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 171,1 | 86,8 |
Driftsresultat | -53,3 | -93,4 |
Resultat før skatt | -99,2 | -137,4 |
Hofseth Biocare ASA | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 49,9 | 30,2 |
Driftsresultat | -25,2 | -33,1 |
Resultat før skatt | -22,7 | -35,1 |
Publisert: 10.11.2023 10:35
Sist oppdatert: 09.02.2024 08:56