Jan Erik Våge Klepp foto Inseanergy
OVER ALL FORVENTING: Inseanergy-sjef Jan Erik Våge Klepp har fått ein god start på kapitalutviding og trur selskapet vil nå taket på 30 millionar kroner
Nytt

Trur på full pott

Om Inseanergy når målet for kapitalutvidinga, blir den nest størst i Folkeinvest-regi.

07.01.2022

Fredag var 25,7 av 30 millionar kroner kome inn i kapitalutvidinga til Inseanergy i Ålesund. Det er den tredje største kapitalutvidinga i Folkeinvest-regi.

Når selskapet målet om å få inn 30 millionar kroner blir den den nest største.

Folkeinvest er eit selskap som har spesialisert seg på kapitalinnhentingar til små- og nye bedrifter frå mange og små aksjonærar.

Allereie få timar etter at teikningsperioden opna torsdag hadde investorar teikna seg for 20,1 millionar kroner. Det var minstekravet Inseanergy hadde sett for å gjennomføre kapitalutvidinga.

Over all forventing
-Det er over all forventning. Vi er både stolte og audmjuke over at det er slik interesse for selskapet vårt, produkta og tenestene vi skal levere, seier dagleg leiar og medeigar Jan Erik Våge Klepp til NETT NO.

Fredag ettermiddag 7. januar hadde 553 investorar teikna seg for tilsaman 25,7 millionar kroner.

- Ein fin miks mellom mannen i gata og profesjonelle investorar, seier Våge Klepp om aksjonærstrukturen etter kapitalutviding.

Basert på samtale med investorar som enno ikkje har teikna seg, seier Våge Klepp av han reknar med at selskapet skal nå maksbeløpet i kapitalutviding, 30 millionar kroner. I så fall vil aksjane som blir utstedt til investorane som deltek i kapitalutvidinga utgjere 60 prosent av alle aksjane i selskapet.

Straum frå utrangerte oppdrettsanlegg
I 2026 skal Inseanergy selje for 860 millionar kroner og få eit resultat før skatt på 126 millionar kroner i følgje prospektet til investorane.

Ideen til Inseanergy er å bygge og vedlikehalde solcellekraftverk på utrangerte oppdrettsmerder. Målet er å utnytte oppdrettsmerder som ellers skal skrapast, og forsyne oppdrettsanlegg med straum.

Publisert: 07.01.2022 15:56

Sist oppdatert: 10.01.2022 12:18

Mer om