Med snø og størrelse
FINNMARK: Ved Lerøy sitt oppdrettsanlegg i Sør-Varanger skal ny teknologi utprøvast. Illustrasjonsfoto: Lerøy Seafood Group AS
Nytt

Inseanergy-avtale i Finnmark

Selskapet skal samarbeide om grøne oppdrettsløysingar i kaldt klima.

13.01.2022

Eit forprosjekt leia av Varanger Kraftentreprenør og Lerøy Aurora skal bidra til utvikling og implementering av grøne og økonomisk berekraftige energiløysingar i kaldklima.

I tillegg til Varanger Kraftentreprenør og Lerøy Aurora består konsortiumet av SINTEF, Norges arktiske universitet (UiT) og partnerskapet Inseanergy og BRE Digital, vert det opplyst i ei pressemelding.

Gursken-selskapet Inseanergy har nyleg henta inn 30 millionar kroner gjennom Folkeinvest.

Fylkeskommunal støtte
Hovudidèen til Inseanergy er å bygge og vedlikehalde solcellekraftverk på utrangerte oppdrettsmerder. Målet er å utnytte oppdrettsmerder som ellers skal skrapast, og forsyne oppdrettsanlegg med straum.

No skal selskapet sjå på mulegheitene for grøn oppdrettsenergi i kalde område.

I pressemeldinga vert det opplyst at prosjektet har økonomisk støtte fra Troms og Finnmark fylkeskommunes «Forprosjekt bærekraftig og verdiskapende næringsutvikling».

Stoppa av krigseksplosiv
Overordna målsetting i forprosjektet er grøn og autonom energitilførsel til fôrflåten, og annan drift av oppdrettsanlegg gjennom utvikling av berekraftige kaldklimaløysingar.

Det vert vist til at mange norske oppdrettsanlegg av naturgitte årsaker er lokaliserte i område der kraftnettet ikkje er bygt ut. Dette gjeld ikkje minst i Finnmark.

Ved Lerøy Auroras oppdrettsanlegg i Jarfjorden i Sør-Varanger er faren for å treffe på eksplosiv frå krigen i bakken som så stor at Varanger Kraft ikkje finn det forsvarleg å legge ut ei kraftlinje til oppdrettsanleggets base i Lanabukta.

Pilotanlegg
Alternativet i dag er å nytte fossilt brensel til dieselaggregat, opplading av batteri og drift av fôrflåten.

Dette ønsker ein no å endre, til dømes ved eit samspel mellom fleire fornybare energikjelder.

Dersom partnerane går vidare etter forprosjektet, er planen at Lerøys anlegg i Aust-Finnmark skal fungere som lokasjon for ein fullskala pilotinstallasjon for testing, utvikling og validering av energisystemet.

Publisert: 13.01.2022 17:08

Sist oppdatert: 13.01.2022 17:50

Mer om