Intens kamp for millionverdiar
KUTTAR KOSTNADER: Konsernsjef Rolf Domstein (56) kjøpte konkursebuet i Enghav og tek sjølv styringa i nye Domstein Sjømat AS.
Nytt

Intens kamp for millionverdiar

Domstein kjempar intenst for å hente inn igjen 45 millionar kroner som Måløy-konsernet har tapt i Enghav-konkursen.

Ivar Myklebust Longvastøl
18.11.2013
- Aksjeposten vår i Enghav Holding hadde ein bokført verdi på 45 millionar kroner. Dette er ei betydeleg investering for oss som gjekk tapt i konkursen, og det er viktig å kome i posisjon for å tene desse pengane tilbake, seier konsernsjef Rolf Domstein (56) i Domstein ASA.
Han understrekar at det sjølvsagt også er vesentleg å ta vare på arbeidsplassar og drive vidare ein av landets to største sjømat-distributørar.

Legg ned på Kjeller

56-åringen overtek som dagleg leiar i nye Domstein Sjømat AS, kuttar ut konsernleiinga Enghav hadde i Oslo og flyttar konsernfunksjonar til Måløy.
Domstein tek dermed full kontroll i ein av landets største sjømat-distributørar, med ein omsetnad på nesten 800 millionar kroner i fjor. På kundelista står daglegvarebutikkar, hotell og restaurantar, kantiner, cruiseskip/båtar og oljeriggar.
Domstein Sjømat beheld salsavdeling og rekneskap i Oslo, men legg ned distribusjonsavdelinga dei har på Kjeller og går i staden inn i eit tett og formalisert samarbeid med Fiskecentralen for distribusjon på Austlandet.

150 tilsette med vidare

Domstein beheld avdelingane i Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Stavanger og Kristiansand.
Gjennom ein avtale med bustyret og banken som er pantekreditor i buet, SG Finans, har Domstein Sjømat plikta seg til å tilby storparten av dei 170 tilsette i Enghav arbeid vidare.
- Kring 150 får tilbod om å vere med vidare, seier Rolf Domstein.

Tapte mest på Austlandet

- Enghav tente pengar på Vestlandet og gjorde det ok i Nord-Noreg, men vi hadde store tap på Austlandet. Dei grepa vi har gjort, vil gje ei betydeleg innsparing i kostnader, seier Domstein.
Mellom anna kvittar han seg med direktør og styreleiar i Enghav, Jan Dahl, som fekk utbetalt vel 2,1 millionar kroner i løn og anna godtgjersle i 2012. Til samanlikning hadde konsernsjefen i Domstein 1,6 millionar kroner i årsløn, og var med det den best betalte bedriftsleiaren i Nordfjord i fjor.

Minus i mange år

Både Enghav og eigarselskapet Enghav Holding der Domstein ASA kontrollerer 35,4 prosent, har hatt store tap over mange år. Rekneskapstala for holdingselskapet viser eit underskot før skatt på 83 millionar kroner siste fem åra.
Konkursen i Enghav har blitt forklart med salssvikt, endring i innkjøpspraksis i matvarekjedene og høge lakseprisar. Fiskeribladet/Fiskaren har påpeika at eigarane har pøst inn pengar og at minustal over ein så lang periode skuldast manglande kontroll og styring.

Usemje blant eigarane

- Du skal no rette opp skuta og tene pengar igjen. Kvifor har du ikkje som styremedlem i Enghav Holding ordna opp i dette for lenge sidan, Rolf Domstein?
- Som ein minoritetseigar i systemet har vi hatt avgrensa innverknad på forretningsdrifta. Underskotet har naturlegvis vore eit tema i styret i lengre, men det har ikkje vore full semje om korleis vi skulle utvikle selskapet vidare. Eg må ta min del av ansvaret for at vi ikkje har fått det til, seier Domstein.

- Éin må ha styringa

Den andre store eigaren i Enghav Holding, er Dolphin Management, som investerer i ei rekkje bransjar. Bak investeringsfondet står Øivind Tidemandsen, mest kjend som grunnleggjar av sportsbutikkjeda XXL.
Ifølgje Rolf Domstein var det nødvendig at éin av dei tidlegare Enghav-eigarane tok føringa i det nye selskapet.
- For oss var det avgjerande at våre planar og vår strategi kan gjennomførast 100 prosent, og at vi kan overta ansvaret frå første dag, seier Domstein.

Van med å ta ansvar

- Du har teke på deg eit stort ansvar?
- Ja, og det er første gong vi har vore med på ein sånn prosess, men vi er vane med å ta ansvar i vanskelege situasjonar, seier Rolf Domstein.

Brannsløkking

- Kva er dei største utfordringane no?
- Å reetablere organisasjonen og halde på kundane og leverandørane. Alle dei største leverandørane fortset med oss, og mange av dei andre skal også vere med vidare, seier Domstein.
Han seier at siste månaden har vore svært hektisk og med preg av brannsløkking. No ser han fram til å komme i gang med å tene tilbake pengane Domstein har tapt på konkursen.

Pantekrav på 70 millionar

- Fleire aktørar melde interesse for å overta Enghav, men Domstein hadde det beste tilbodet totalt sett, seier advokat Hans Ingvald Stensholdt i Advokatfirmaet Thommessen, som representerer bustyrar Jo Rodin.
SG Finans har pantesikra krav på kring 70 millionar kroner i buet, sikra i varelager og uteståande fordringar.
Avtalen mellom Domstein, bustyret og banken inneber at måløyværingane kjøper varelager og driftsmidlar, der kjøpesummen går til å betale ned på gjelda til SG Finans.

143 krav i buet

- Domstein har også betalt ein kontantsum for eigedelar som ikkje er pantsett, altså frie aktiva. Desse midlane vert fordelt på vanleg måte i ein konkurs, med lønskrav og feriepengar og deretter leverandørgjeld, seier Stensholdt.
Per 8. november var det meldt 143 krav i buet på til saman 139 millionar kroner, og det er venta fleire krav. Fristen er 27. november.

Størst i Sverige

Domstein ASA har lagt meir og meir av aktiviteten sin til Sverige, til Domstein Foods AB sine fabrikkar i Kungshamn og Lysekil, der kaviar på tube, lodde- og rognkjekskaviar, fiskegrateng og andre ferdigrettar, panert og naturell filet, lutefisk og konservert sild er hovudprodukt.
Av ein omsetnad på 600 millionar i konsernet kjem cirka 400 millionar frå sal i Sverige og 100 millionar frå Norge, men vidareføring av Enghav er ikkje avgjerande for aktiviteten i Sverige der Domstein Foods i stor grad brukar kjedene sitt distribusjonsapparat, seier Rolf Domstein.
Enghav var derimot ein stor kunde for Nordic Group i Trondheim, der Domstein ASA eig 20 prosent. For Nordic Group er det svært viktig at dette vert vidareført, understrekar han.

Lite igjen i Måløy

Måløy-selskapet har gått gjennom store endringar. Dei er for lengst ute av lakseoppdrett og pelagisk, og i fjor avvikla Domstein filetproduksjonen av kvitfisk på Trollebø i heimbyen, der heile 85 mista jobben. I Nordfjord står dei igjen med Domstein Fish, som er fryselager og handel med agn og uforedla fisk, og ein eigarpost på 50 prosent i Ervik Havfiske på Stad. I tillegg til hovudkontor for konsern og nye Domstein Sjømat.
Enghav tente pengar på Vestlandet og gjorde det ok i Nord-Noreg, men vi hadde store tap på Austlandet

Publisert: 18.11.2013 15:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30