Intensjonsavtale med Akva Group
Milliardselskapet vil ha Inseanergy-anlegg som ein del av tilbodet til oppdrettsselskapa.
Akva Group-konsernet hadde over 3,1 milliardar kroner i driftsinntekter i 2021 og ein en dei store leverandørane av utstyr og anlegg til oppdrettselskap.
No har Akva Group og Inseanergy i Ålesund inngått ein intensjonavtale som kan opne for at Inseanergy sin flytande solcelleanlegg kan bli ein del av pakken Akva Group tilbyrsine kundar.
"Selskapet vårt er i en vekstfase, og i denne sammenheng vil det være svært interessant å jobbe sammen med AKVA Group i et globalt marked.", seier salgsdirektør Egil Hjelmeland i Inseanergy i ei pressemelding.
Hjelmeland seier selskapa no presenterer seg saman til potensielle kundar og at intensjonsavtalen blir ein fast avtale i samband med den første kontrakten som blir inngått.
Flytande solcelleanlegg ved oppdrettsanlegg kan forsyne anlegga med straum, som eit supplement til både dieseldrivne aggregat og kraft frå land.
Inseanergy arbeider og med å utvikle anlegg som både produserer kraft frå solceller og brukar hydrogen som energiberar for elektrisitetsproduserande brenselceller. Slike anlegg vil gi null CO2-utslepp, dersom hydrogenet er produsert av fornybare kraftkjelder eller atomkraft.
Kapitalutviding
Etter ei vellukka kapitalutviding i 2022 arbeider Inseanergy med ein ny kapitalutvidding.
Målet er å hente inn inntil 46,25 millionar kroner i ny eigenkapital til 250 kroner aksjen.
Ved kapitalutvidinga i januar 2022 henta selskapet 30 millionar kroner, til 120,29 kroner aksjen.
Dersom selskapet får fullteikna kapitalutviding, vil den nye kapitalen utgjere 33 prosent eigarandel i Inseanergy og Inseanergy vere verdsett til 139 millionar kroner.
Publisert: 16.01.2023 14:22
Sist oppdatert: 16.01.2023 15:31