Investerer 12 millionar i Brimer kvamsøya
KVAMSØYA: Brimer er den klart største bedrifta på Kvamsøya i Sande med rundt 40 tilsette. No riggar bedrifta seg for vekst. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Investerer 12 millionar i Brimer

Hjørnesteinsbedrifta Brimer på Kvamsøya får tilført 12 millionar kroner etter at Midvest Fondene og Spilka International går inn i selskapet.

21.05.2015
- Med tilførsle av ny kapital og eigarar med betydeleg industriell og finansiell kompetanse, er selskapet no rigga for å kunne realisere ein betydelig vekst dei komande åra, seier administrerende direktør Jarle Støylen i Brimer i ei pressemelding torsdag.
Brimer er leiande leverandør av tankbasseng og andre produkt i komposittmaterial.
Etter at Jarle Støylen etablerte selskapet i 1974, har Brimer opparbeidd seg ein sterk posisjon innanfor kommunal teknisk sektor, der basseng til oppbevaring av drikkevatn har vore det viktigaste produktområdet.
Dei seinare åra har selskapet satsa meir mot akvakultur, fiskeri og oljeservice.

Krevjande år

I 2013 og 2014 hadde selskapet krevjande år. I 2013 måtte selskapet bokføre eit tap på 2,9 millionar kroner etter at selskapet i 2005 etablerte seg i den tunesiske byen Ennandour.
I 2015 har det derimot vore full produksjon på Kvamsøya, i tillegg til at ein har hatt produsjon i Latvia i samarbeid med selskapet Norpartner.
- I 2014 var det truleg vårt vanskelegaste år i vår 40-årige historie. I år teiknar det til å verte «all time high», sa dagleg leiar Jarle Støylen til NETT NO i februar.

Vil vekse

Det er spesielt bestillingar på store vassbasseng frå det offentlege som har skote fart.
I pressemeldinga vert det opplyst at dei nye eigarane har i fellesskap med eksisterende aksjonærar og leiing lagt ein plan for vekst og utvikling innanfor etablerte segment. Samstundes ønskjer ein å legge til rette for ein betydeleg vekst innanfor nye område.

Vekstbedrifter

Midvest Fondene er eit regionalt investeringsmiljø etablert i 2008. Selskapet har ein kapitalbase på omlag 250 millionar kroner. Fondet har fokus på små og mellomstore bedrifter med betydeleg vekstpotensial i Midt-Norge.
Spilka International er eit industrielt kapitalmiljø med hovudbase i Ålesund. Selskapet har eigarskap i ei rekkje bedifter både lokalt og nasjonalt.

Publisert: 21.05.2015 19:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44