Investerer kvart milliard i Loen
UTVIDAR: Nordfjord Kjøtt har utvida produksjonskapasiteten med 20-30 prosent når dette bygget står ferdig ved årsskiftet. Har plass og planar om ytterlegare utvidingar.
Nytt

Investerer kvart milliard i Loen

Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt utvidar med to nye fabrikkhallar. Investerer opp mot 250 millionar kroner.

22.06.2016
- Enten så går du framover, eller så går du bakover, seier Geir Egil Roksvåg om bakgrunnen for at Nordfjord Kjøtt investerer stort i Loen.
Den første fabrikkhallen er alt i ferd med å reise seg, og målet er at produksjonen skal vere i gang 1. august, berre rundt fire månader etter at investeringsbeslutninga blei tatt.
Hall nummer to skal vere klar til bruk rundt årsskiftet, og Roksvåg anslår at produksjonskapasiteten vil auke med 20-30 prosent når begge dei nye fabrikkhallane er i drift.
Den eine hallen er på 5000 kvadratmeter, den andre på 2000 kvadratmeter. Etter utbygginga vil Nordfjord Kjøtt-anlegget i Loen vere på rundt 60.000 kvadratmeter.

250 millionar kroner

Investeringa i dei to nye hallane, med grunnarbeid, bygg og produksjonsutstyr, er på rundt 250 millionar kroner.
Av konkurranseomsyn held Roksvåg førebels korta tett til brystet når det gjeld kva som skal produserast i dei nye bygga.
I løpet av hausten får konkurrentar og andre sjå kva det er snakk om, når dei første produkta kjem i handelen.

Automatisering

Dei nye hallane og den auka produksjonskapasiteten vil berre i mindre grad gi nye arbeidsplassar. Produksjonslinene vil ha ei høg grad av automatisering. Det gjer at produksjonslinene må byggjast lenger enn produksjonsliner der det blir gjort meir manuelt arbeid.
Nordfjord Kjøtt er leverandør til Rema-butikkane, som i staden for å få fabrikkar til å produserer under butikkjeda sitt eige merke, satsar på at etablerte aktørar blir eineleverandør til dei.
Nordfjord Kjøtt er eigd av selskapet Legula, som i sin tur er eigd av selskapet Gemto, der Geir Egil, Malin og Tom Roksvåg er eigarar. Legula-konsernet hadde 2,2 milliardar kroner i driftsinntekter og 151 millionar kroner i resultat før skatt i 2014.

Satsar med Grov

I tillegg til å investere i eiga bedrift er Roksvåg og med på den andre store investeringa i Loen, bygging av gondolbane til toppen av fjellet Hoven.
Anlegget skal opne til våren neste år, og har førebels ein prislapp på 230 millionar kroner. Saman med hotelldirektør Richard Grov er Roksvåg ei sentral drivkraft for å få bana bygd.
- Geir Roksvåg har vore til uvurderleg hjelp, sa Richard Grov då NETT NO besøkte anlegget i førre veke.

Dei to er også saman om ein investering på inntil 45 millionar kroner i nye bustadar i Loen.



Publisert: 22.06.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58