Hofseth pm 1
UTVIDAR: MMC First Process og Marel er blant utstyrsleverandørane som er med på å utvide slaktekapasiteten til Hofseth sitt slakteri i Ålesund. Frå venstre: Roy Glomset og Eivind Vinje i MMC First Process, Odd Arne Skaar i Marel, Finn Olav Stokkereit i Hofseth International, Petter Leon Fauske i MMC First Process Diego Lages i Marel, Roger Hofseth og Ole Johnny Ødegaard i Hofseth International. Foto: MMC First Porcess
Nytt

Investerer stort i større slakteri

Hofseth aukar kapasiteten i Ålesund - både for å ta unna eigen vekst og oppdrag for andre. Det gir arbeid til fleire.

25.03.2025

– Ei ganske stor investering, seier driftsdirektør for vidareforedling i Hofset, Robert de Boer, om utvidinga av kapasiteten på lakseslakteriet ved Steinvågsundet i Ålesund. 

Det er snakk om nytt utstyr i fleire deler av anlegget, som både automatiserer arbeidsoperasjoner og auka kapasiteten.

Samarbeidspartnarane MMC First Process og islandske Marel skal blant anna levere ei tospors sorteringsline, fortel selskapa i ei pressemelding. 

Heller ikkje dei opplyser storleiken på kontrakten, ut over at det er snakk om «eit betydeleg» oppdrag.

Ved å gå over fra einspor- til tospors-sorteringsline går slakteriet frå å sortere 70 fisk i minuttet til 120 i minuttet, ifølgje Boer. 

– Vi riggar oss for framtidig vekst
Poenget med kapasitetsauken i slakteriet er både å ta unna venta vekst frå eigen lakseproduksjon, men óg å kunne tilby større kapasitet til andre oppdrettarar som vil bruke slakteriet i Ålesund, ifølgje de Boer.

– Vi riggar oss for framtidig vekst i oppdrett, seier han.

Produktet til slakteriet er sløyd laks, med hovudet på.

Noko av laksen blir vidareforedla i selskapet sitt eige foredlingandlegg i etasjen over slakteriet i Ålesund. Noko går til Hofseth sine vidareforedlingsanlegg på Valderøya og i Syvde.

Søkte saman
Marel og MMC First Process offentlegjorde samarbeidsavtalen seg i mellom i februar 2024.

Eit strategisk samarbeid kalla dei avtalen, som mellom anna skulle opne for at dei i fellesskap kunne vinne kontrakter der bedriftene kombinerte sitt utstyr og tenester.

Publisert: 25.03.2025 10:44

Sist oppdatert: 25.03.2025 20:56

Mer om