Blåmyra Foto Helle Frogner 1
TUNNELOPPDRAG: Therese Lien Smenes (.t.v.) og Sunniva Djupedal (t.h.) etablerte designstudioet Blåmyra i 2018. Dei har mellom anna rammeavtale med Kystverket om å levere grafiske tenester for Stad skipstunnel. I midten junior designer Johanna Nilsson. Foto: Helle Frogner
Nytt

Investornettverk inn i Selje-selskap

Design- og kommunikasjonselskap får aktørane i Aaretak som medeigarar.

14.12.2022

Sunniva Djupedal og Therese Lien Smenes etablerte design- og kommunikasjonselskapet Blåmyra i Selje i 2018, og har eigd selskapet 50/50 fram til no.

I følgje ei pressemelding får dei deltakarane i investornettverket Aaretak som medeigarar. Nettverket omfattar Kristin og Johan Odfjell i Farvatn, Sindre Kvalheim i VYRD, Elisabeth Øvstebø i Link Venture Capital og Janicke Allers i Gefyl.

Meldinga opplyser ikkje kor mykje investorane går inn med, eller kor stor eigarandel dei får.

Etter salet av aksjane i Lefdal Mine Datacenter bestemte fleire investorar i Måløy for å satse deler av milliongevinsten på nye selskap på Vestlandet. Satsinga skjer gjennom selskapet Vyrd, som i fjor gjekk saman med fire andre investormiljø på Vestlandet i investornettverket Aaretak.

Planen er at Blåmyra skal bli eit større selskap:

"Partnerskapet med Aaretaks omfattende kompetansebredde gjør det mulig å realisere veksten vi ønsker, og vi har store planer for de neste årene" seier dagleg leiar og medgrunnleggar Therese Lien Smenes i pressemeldinga.

Blåmyra har ein rammeavtale med Kystverket om å grafiske tjenester for Stad skipstunnel.

På kundelista står óg DOGA, Operahuset Nordfjord, Sarsia, VYRD og LocalHost.

Blåmyra as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt2,21,2
Driftsresultat0,010,003
Resultat før skatt0,010,003
Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Publisert: 14.12.2022 22:32

Sist oppdatert: 14.12.2022 23:48

Mer om