Morebiltomta mai 2024 foto Ogne
SENTRAL TOMT i ØRSTA: Her planlegg selskapet RG Eiendom bustadar og næringslokale. Tomta vart kjøpt i 2014. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mørebiltomt-investorane nådde fristen

Levert rammesøknad om utbygging av stor sentrumstomt i Ørsta i tide.

05.10.2024

Den fem mål store tomta i Ørsta sentrum blei kjøpt for 6,5 millionar kroner i 2014 av eigedomsinvestor Arne Johan Rebbestad og grossistselskapet H.I. Giørtz. Seinere kom Sindre og Jan Endre Vartdal med i prosjektet gjennom sitt investeringsselskap Brødrene Vartdal.

Gjennom selskapet RG Eiendom vil dei bygge bustadar og næringslokale på tomta, men så langt er ikkje noko bygd. 

I fjor var fristen for å levere ein rammesøknad for utbygging forlenga til utløpet av september i år. Utan ein slik søknad risikerte RG Eiendom å bryte salsavtalen, og at kommunen i staden fann ein annan kjøpar for å få tomta utbygd.

Nett No har ikkje lukkast å få ein kommentar fra Rebbestad, som er dagleg leiar i RG Eiendom.

I mål i tide
No stadfestar Eldar Øye av rammesøknaden er levert innan fristen. Øye er kommunalsjef for teknisk, eiendom og landbruk i Ørsta kommune.

I 2017 anslo medinvestor Jan Endre Vartdal at utbygginga ville koste rundt 250 millioner kroner. Då var det snakk om to bygg, delt opp i fleire høgder, frå to til åtte etasjer med i alt 90 leiligheter. Bygga skulle først og fremst vere leilegheiter, men på gateplan var det tenkt 1000-1500 kvadratmeter til næringslokale.

Sidan har prosjektet blitt tatt ned til maks seks etasjer.

– Vi forheld oss til dei fristane kommunen har sett, og jobbar med sak på detaljnivå om dagen. Vi har eit veldig spennande prosjekt på gang som vi skal presentere når skissene er helt klare, sa Jan Endre Vartdal til Nett No i sommar.

Utolmodig
Tidlegare i år tok kommunestyrerepresentant Tore Thon (Frp) i Ørsta opp framdrifta for Mørebil-tomta.

– Vårt ønske er å få dette i gang, og det hadde vore ein fordel om utbyggar gjennomførte dei planane som er godkjent for tomta. Vi må ha progresjon i saka. Det verste som er er stillstand og handlingslamming. Premissene for kjøp og utvikling av eigedommen må innfriast. Om ikkje må nokon andre få sjansen til å ta over, sa Thon til Nett No i sommar.

Publisert: 05.10.2024 05:00

Sist oppdatert: 04.10.2024 19:15

Mer om