Wavefoil MF Teistin WF2640 MEST Yard foto wavefoil
FOR STØRRE SKIP: IP Huse på Harøy skal produsere dei største baugfoilane frå Wavefoil, til skip på mellom 100 og 200 meter. Foto: Wavefoil
Nytt

IP Huse skal lage baugfoilar

Harøya-selskapet inngår samarbeid med Wavefoil - som hadde eit tøft år i fjor.

Marius Rosbach
16.08.2021

IP Huse på Harøya er sikra meir arbeid gjennom ein samarbeidsavtale med Wavefoil.

Dei to selskapa har signert ein avtale om at IP Huse skal produsere dei største Wavefoil-produkta, ifølgje ei pressemelding måndag.

Løysing for større skip
Wavefoil har utvikla baugfoilar, ein form for venger i baugen, som gjer fartøyet meir stabilt og mindre forbruk av drivstoff. Det Trondheim-.baserte selskapet har også avdelingar i Ålesund og Fosnavåg.

– Dette er eit viktig steg vidare for Wavefoil. Ein slik avtale gir føreseielegheit og ein god partnar for vidare utvikling av våre løysningar, opplyser salssjef Pål-Ove Husøy i ein e-post til NETT NO.

Avtalen med IP Huse gjeld produkt som skal om bord på større fartøy på 100 til 200 meter. Første prosjekt blir produksjon og montering av den første foilmodulen av typen WF5910, der Wavefoil har fått støtte frå EU-programmet EIC Accelerator til teknologiutvikling og vekst.

– Vi har hatt eit godt samarbeid frå første dag, og vi er svært glade for å ha fått til ein avtale. Vi ser fram til å bidra til produksjon av Wavefoil sine produkt, seier operasjonsdirektør Håkon Heieraas i IP Huse i pressemeldinga.

Underskot i 2020
Før helga ble det kjent at Wavefoil hadde landa kontrakt på to nye ambulansebåtar, og dei har tidlegare installert nyvinninga på ein ambulansebåt Maritime Partner leverte i fjor.

2020-rekneskapet til Wavefoil viser samtidig at fjoråret var tøft for selskapet. Omsetninga gjekk kraftig ned frå 4,6 millionar i 2019, til 1,4 millionar i fjor.

Også underskotet auka frå året før, og resultat før skatt er minus 3,5 millionar. Etter ei kapitalinnsprøyting i januar, har selskapet knappe ni millionar i eigenkapital og siktar mot ny vekst.

Wavefoil
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 1,4 4,5
Driftsresultat -3,5 -3,7
Res. før skatt -3,5 -3,7

Publisert: 16.08.2021 10:33

Sist oppdatert: 16.08.2021 10:49

Mer om