Nytt år i motbakke for IP Huse
Resultatbetring på 50 millionar hindra ikkje nytt minus.
Årsresultatet for 2020 viser at Harøy-bedrifta IP Huse, fekk et nytt tøft år i fjor. Trass i ei betring i driftsresultatet på kring 50 millionar, blei det eit nytt underskott.
IP Huse-sjef Morten Hopland, har likevel rett i det han fortalde NETT NO mot slutten av fjoråret – at 2020 blei «betydeleg betre» enn året i forvegen.
Bedrifta som i hovudsak har levert vinsjar til ankerhandteringsskip og system for å forankre boreriggar, har slitt tungt i kjølvatnet av offshorekrisa.
Auka omsetning – færre tilsette
Etter at inntektene blei meir enn halvert i 2019, snudde dei seg mot vasskraft- og subseamarknaden. Grepet ga auke i omsetninga på knappe 30 millionar i fjor (sjå tabell under).
I.P. Huse as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 190,5 | 162,0 |
Driftsresultat | -11,5 | -60,2 |
Resultat før skatt | -7,5 | -50,1 |
Selskapet har likevel vore nøydd til å bruke både permitteringar og oppseiingar i løpet av det siste året for å tilpasse seg utsiktene framover.
Bedrifta hadde i 2017 140 tilsette. Dei siste åra har dei vore kring 50 færre, og ved inngangen til 2021, var dei 97 personar, fordelt på 92 årsverk.
– Situasjonen er framleis vanskeleg
IP Huse sel og marknadsfører produkta sine gjennom Kongsberg Maritime i Brattvåg, og marknaden var krevjande gjennom heile fjoråret, skriv leiinga i årsrapporten.
– Situasjonen er framleis vanskeleg, og bedrifta vurderer fortløpande korleis den best skal tilpasse seg marknadssituasjonen, heiter det.
Dei tradisjonelle marknadene i offshore- og maritim verksemd, var i svak betring i fjor vår. Koronapandemien har gjort at den utviklinga har stoppa opp.
Har hatt arbeid til i haust
På vasskraft- og subseamarknaden jobbar dei som underleverandør til andre samarbeidspartnarar enn Kongsberg.
Til saman har det gitt arbeid til heile arbeidsstokken til no i haust. Etterpå har dei overkapasitet, går det fram av årsmeldinga.
I augst blei det også kjent at IP Huse skal lage dei største baugvengane til Wavefoil ved sitt anlegg.
Publisert: 04.10.2021 08:45
Sist oppdatert: 04.10.2021 13:13