Island Constructor ut av opplag
I ARBEID: Storparten av mannskapet på 90 personar har vore permitterte medan Island Constructor har ligge i opplag. No blir dei kalla attende på jobb. 
Nytt

Island Constructor ut av opplag

Reiarlaget får oppdrag for 100 millionar kroner.

06.04.2016
Det permitterte mannskapet på 90 personar på brønnintervensjonsfartyet "Island Constructor" blir kalla attende på arbeid når skipet skal i oppdrag for Norske Shell på Draugenfeltet i vår og sommar.
Island Constructor har ligge i såkalla varmt opplag i vinter. Det betyr at skipet har hatt ei lita bemanning, for å kunne ta nye oppdrag på kort varsel.

No er skipet leigd ut til fleire brønninternvensjon- og vedlikehalsdsoppdrag, der det siste oppdraget varer ut i september.

Segla i spot

Ankerhandteringsfaryet "Island Valiant" har segla i spotmarknaden i vinter, og har fått eit oppdrag på rundt to veker for å førebu arbeidet Island Constructor skal gjere.
Totalt har desse kontraktene ein verdi på omlag NOK 100 millionar for Island Offshore, skriv selskapet i ei pressemelding.
- Dette er kjærkome arbeid etter ein tøff vinter der brønnintervensjonsbåtane våre har vore i vinteropplag. Det er svært gledeleg å sjå folka våre og båtane mobilisere og kome seg i arbeid igjen når sesongen no tek til, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore i pressemeldinga.

Attende i arbeid

1. april tok også dei to andre brønnintervensjonsfartya til Island Offshore, Island Wellserver og Island Frontier, til med arbeidet i sine faste kontrakter.
Desse to fartøya har kontrakt med Statoil på 200 dagar fast per år fram til 2020.

Publisert: 06.04.2016 10:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55