Island Innovator klar for neste jobb
Har oppdrag i vente for resten av året.
No er den klar for neste oppdrag i Nordsjøen, før riggen flyttes til Afrika-kysten for dei neste jobbane på lista, skriv nettstaden Offshore-Energy.
Rigger er allereie i gong med oppdraget på Orlando-feltet for Tailwind Energy, ein avtale som ble sikra mot slutten av fjoråret.
Ny jobb mot slutten av året
Selskapet Island Drilling melder at dei fekk gode skussmåll for måten det førre oppdraget vart utført på.
Etter at det noverande jobben er ferdig, går turen til Sør-Afrika. Der skal riggen bore ein brønn for Eco Atlantic Oil & Gas utanfor vestkysten.
Etterpå står nok ein jobb for tur for Petrofac utanfor kysten av Mauritania. Det er venta at dette oppdraget tek til i 4. kvartal i år.
Ulstein, Mohn og Chouest
Riggselskapet med adresse i Ulsteinvik har tre hovudeigarar, Trond Mohn i Bergen (Meteva as), Chouestfamilien i USA (Rig Invest LLC) og ei grein av Ulsteinfamilien i Ulsteinvik (Borgstein as). Dei er også partnarar i offshorereiarlaget Island Offshore.
Etter fleire forseinkingar med bygging og klargjering kom Island Drilling Company sin boreriggen "Island Innovator" i arbeid for det svenske oljeselskapet Lundin i 2013.
Åra etterpå har vore tøffe, og eigarane tilførte mellom anna i 2020 1,7 milliardar for å halde riggselskapet gåande.
Publisert: 19.07.2022 10:02
Sist oppdatert: 19.07.2022 10:09