Kontraktsrush etter tungt fjorår
Ulstein-riggen Island Innovator er sikra arbeid frå mars og ut året.
Tre kontrakter på kort tid gjer at riggen Island Innovator er sikra arbeid fram til 2023.
Island Drilling Company opplyser på heimesida at siste kontrakten er inngått med Maersk Decom Mauritania for plugging av fire brønnar, med opsjon på ein til, i Banda- og Tiof-felta utanfor Mauritania. Arbeidet skal starte opp i 4. kvartal og er forventa å ta 75 døgn.
Dei to olje- og gassfelta ligg frå 200 til 1200 meter djupne.
To UK-oppdrag
Til Mauritania går riggen etter eit oppdrag på britisk side i Nordsjøen. Dette oppdraget er for Petrofac på Tailwind Energy sitt Orlando felt.
I tillegg har Island Innovator fått oppdraget med å bore ein brønn for Dana Petroleum, også det på britisk side av Nordsjøen.
Minimum 150.000 dollar
Til Energy24.no seier adm. dir. Roger Simmenes at selskapet bevisst har valgt å ikkje gå ut på lave rater under 150.000 dollar dagen, ettersom det ikkje gir lønsemd.
I staden har ein venta på oppdrag, og også sett utanfor Nordsjøen.
Riggen ligg no ved Semco Maritime på Askøy, og vert mobilisert for jobbane.
Simmenes fortel til Energy24.no at dei, som alle andre riggselskap, jobbar hardt for å redusere fotavtrykket til riggen, spesielt knytt kutt av drivstoff og utslepp.
Nye storjobbar
Ifølgje Energy24.no går no Equinor breidt ut til ei rekke riggselskap og spør etter kva semi-riggar dei kan by inn til totalt fem vesentlege kontrakter. Tre av kontraktene er i Norge, ei i UK og ei i Canada.
Alle jobbane har ei lengde på mellom 18 månader og tre år.
Styreleiar i Island Drilling Company er Morten Ulstein. I styret er også Bergen-investoren Trond Mohn og den amerikanaske investoren Gary Chouest. Hans amerikanske selskap Island Investment Llc er største enkeltaksjonær i riggselskapet.
Publisert: 01.02.2022 13:39
Sist oppdatert: 19.07.2022 10:06