Island Drilling foto Island Drilling
STILLER OPP: Island Drilling har eigarar som stiller opp for selskapet, mellom dei Morten Ulstein og hans grein av Ulsteinfamilien. Selskapet har forretningadresse i Ulsteinvik.Foto: Island Drilling/Island Offshore
Nytt

Har sprøyta 1,7 milliardar inn i Island Drilling

På to år har ei grein av Ulstein-familien, Trond Mohn i Bergen og Chouest-familien i USA sprøyta inn 200 millionar dollar i riggselskapet Island Drilling.

19.10.2021

I 2020 kjøpte dei tre hovudaksjonærane i Island Drilling ut eit lån på 175,5 millionar dollar til 75 millionar dollar. Det var "ein vesentleg rabatt" i følgje årsmeldinga til Island Drilling. Med på kjøpet av lånet var også selskapet Alden.

Transaksjonen reduserte gjelda og gjorde at Island Drilling kunne bokføre eit overskot i 2020 trass i tap på drifta. (Sjå tabell).

Kjøpet av lånet er ein av fleire tiltak eigarane har gjort for å halde riggselskapet gåande. Sidan slutten av 2018 er det snakk om til saman 200 millionar dollar i lån og eigenkapital, ifølgje årsmeldinga.

Ulstein, Mohn og Chouest
Riggselskapet har tre hovudeigarar, Trond Mohn i Bergen (Meteva as), Chouestfamilien i USA (Rig Invest LLC) og ei grein av Ulsteinfamilien i Ulsteinvik (Borgstein as). Dei er også partnarar i offshorereiarlaget Island Offshore.

Etter fleire forseinkingar med bygging og klargjering kom Island Drilling Company sin boreriggen "Island Innovator" i arbeid for det svenske oljeselskapet Lundin i 2013.

Kontrakten var på boring av heile 12 brønnar, og gjorde at selskapet hadde god inntening også etter oljeprisfallet i 2014.

Tøft år
Etter at oppdraget for Lundin var omme har det vore tøffe tider for selskapet og 2020 blei nok eit vanskeleg år.

Riggen ligg no i opplag ved Hanøytangen vest for Bergen.

I sluttene av 2019 starta den på eit oppdrag for DNO som selskapet håpa skulle vare fram til neste kontrakt skulle starte, i februar 2020. Men DNO-oppdraget enda med ein tom brønn og vart avslutta like før årsskiftet 2019/2020.

Oppdraget for selskapet Sval, som skulle starte i februar i fjor blei avlyst på grunn av koronakrisa.

Nest oppdrag, med OMV, tok til i mai i fjor. Island Drilling skulle bore ein brønn, med moglegheit til ytterlegare tre brønnar. Første brønn var tørr. OMV utsette resten av boreprogrammet og riggen måtte leggast i opplag på ny.

Ser mot utlandet
Selskapet ventar at etterspørselen etter riggar først vil ta seg opp i 2022.

Selskapet ser også etter oppdrag utanfor norsk sokkel, og har ein intensjonsavtale om oppdrag i Sør-Afrika, skreiv Finansavisen i august i år.

"– Vi er i forhandlinger om flere jobber internasjonalt og det jobbes nå med å avklare arbeid som kan fylle opp hele 2022. Riggen blir nå utenlands en periode før vi forhåpentligvis ser at markedet i Norge kommer tilbake. Fra april neste år er det også virkelig gang på britisk sokkel. Det er veldig spennende.", sa administrerande direktør Roger Simmenes til avisa.

Island Drilling ASA
Tal i mill. dollar20202019

Driftsinntekt

18,519,8
Driftsresultat-36,2-40,3
Resultat før skatt58,2-55,3

Publisert: 19.10.2021 08:27

Sist oppdatert: 19.07.2022 10:06

Mer om