Bo Hjort Christensen foto Marius
ÅLESUND: Bo Hjort Christensen er ein erfaren rådgivar når det kjem til digitalisering og forretningsutvikling. Nyleg var han i Ålesund og ga mellom anna råd om bruk av kunstig intelligens. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Mange vil vite meir om kunstig intelligens

Stor interesse - men små- og mellomstore bedrifter heng etter åtvarar ekspert.

Marius Rosbach
10.05.2025

Kunstig intelligens er på «alle sine lepper» om dagen og interessa for teknologien er stor. Samtidig som moglegheitene er store, er det nokre fallgruver bedrifter bør unngå, meiner Bo Hjort Christensen.

Han er tidlegare høgskulelektor på BI og ein erfaren rådgivar når det kjem til digitalisering og forretningsutvikling. 

– Bevisstheit kring sikkerheit er heilt vesentleg, og noko alle må ta med i vurderinga, påpeiker han ovanfor Nett No. 

Kraftige digitale trendar
I april deltok Christensen på det årlege ERP-forumet til Gagn i Ålesund, der han fortalde om sine erfaringar. 

ERP-omgrepet kjem frå engelske «entreprise resource planning», og slike system handterer alt frå sal, innkjøp og prosjektstyring, til produksjon, logistikk, lagerstyring, økonomi og rekneskap. 

Digitalisering og automatisering er kraftig trendar denne marknaden. Om ein introduserer ny teknologi, er det mellom anna viktig å ha oversikt over kva data den får tilgang til og korleis desse blir handtert. 

– Alle bedrifter bør sikre seg ein god partnar, og mange har det allereie hos leverandørane som har levert kjernesystema deira, seier Christensen. 

Dei små og mellomstore bedriftene har ikkje dei ressursane, og det skapar ei stor utfordring
Bo Hjort Christensen

Skilje mellom små og store bedrifter
Trass i at interessa er stor hos mange, ser eksperten eit tydeleg skilje mellom storleiken på bedrifter. 

Større selskap med eige it-avdelingar kan gjerne ha ei meir omfattande tilnærming, med eigne ekspertar som kan jobbe dedikert med moglegheitene. 

– Dei små og mellomstore bedriftene har ikkje dei ressursane, og det skapar ei stor utfordring. Det gjer at dei mindre bedriftene heng etter, og at dei større bedriftene stiller sterkare, seier Christensen. 

Opplever at mange vil vite meir
Tussa IKT er mellom bedriftene på Nordvestlandet som har teke i bruk kunstig intelligens – og sjølv leverer tenester på feltet. 

Produktsjef Hallvard Almestad deltok nyleg på eit fullsett ÅKP-seminar om temaet. Han merka godt merke at interessa er stor kring den nye teknologien.

– Det kom jamt med folk utover dagen som tok kontakt med ulike spørsmål, seier Almestad til Nett No. 

Samtidig fekk han stadfesta inntrykket om at sjølv om nysgjerrigheita er stor – så er det mange bedrifter som ikkje har kome i gong med å undersøke kva moglegheiter dei har.  

Hallvard Almestad Tussa ikt foto Tone Molnes
STOR INTERESSE: Produktsjef Hallvard Almestad i Tussa IKT opplevde at svært mange tok kontakt med spørsmål kring teknologien då han deltok på eit KI-seminar hos ÅKP nyleg. Foto: Tone Molnes

Anbefaler å vere nysgjerrig og realistisk
Produktsjefen tek sjølv gjerne tek i bruk ny teknologi. Samtidig påpeiker han at det langt frå er alle nye verktøy som gir forretningsmessig nytte for verksemda. 

– Om ein startar å jobbe med kunstig intelligens bør både ha nokon som er nysgjerrig på moglegheitene, men også ha med eit realistisk perspektiv på kva ein kan ha nytte av for å spare, eller tene pengar, eller til eksempel få ein betre kvardag, seier Almestad. 

Også Tussa-leiaren meiner selskap bør søke hjelp frå dei som kan teknologien. Han meiner dei færraste i utgangspunktet har kunnskapen dei treng for å ta den i bruk.

Under ÅKP-seminaret «KI-løftet» fortalde han mellom anna om korleis selskapet gir råd kring bruk av Microsoft sin «Copilot» - eit verktøy mange bedrifter har tilgang til. 

– Ein kan ha glede og nytte av å utforske på eiga hand. Men det kan vere svært inngripande når det kjem til sikkerheit, og det er veldig kraftige verktøy, minner Almestad om.

Pal Haugen AKP foto Tone Molnes
FULLT HUS: Det var fullt hus då ÅKP nyleg var vertskap for eit seminar om kunstig intelligens. Pål Haugen i Norsk Katapult Digital fortalde at målet var å senke terskelen for å kome i gang. Foto: Tone Molnes

Er ikkje «standardisert hyllevare»
For dei som verkeleg vil undersøke moglegheitene ved kunstig intelligens, er det fleire ting ein bør tenke over.

Bo Hjort Christensen påpeiker at kunstig intelligens skil seg frå anna teknologi ved at det ikkje er «standardisert hyllevare», som eit økonomisystem der ein kan sette ulike krav som utgangspunkt. 

– Både leverandøren og kunden bør ha ei eksperimentell tilnærming, og vere villige til å både prøve ut ting – og feile - for så å samle seg, og gå vidare. På den måten kan ein kanskje utvikle nokre bruksområde som gir meining og verdi på ein forsiktig og styrt måte, er hans råd. 

Skilnad på ChatGPT og avanserte agentar  
Å vite skilnaden på ein KI-assistent og KI-agent er óg viktig meiner teknologieksperten. 

Førstnemnte er til eksempel ChatGPT, som mange allereie har erfaring med. Det er språkmodellar som nyttast til å stille spørsmål, som Christensen påpeiker kan vere verdifullt i seg sjølv. 

– Ein agent er meir kompleks. Den går inn i kjernesystemet og gjer operasjonar, og blir som ein autonom sjølvgåande agent som tek over oppgåver ein tidlegare på eit vis måtte gjere manuelt, seier han. 

Då er det spesielt viktig å vere klar over kva ein gjer når det kjem til tryggleik, minner han om. 

Publisert: 10.05.2025 05:00

Sist oppdatert: 09.05.2025 18:18

Mer om