Ja line gir soekjarkoe
REKRUTTERINGSARENA: Sjef for innovasjon og marknad i Ulstein, og NHO-direktør, Tore Ulstein (til venstre) og HR-direktør Torild Bugge (til høgre) saman med nokre av dei som har sommarjobb og praksisplass ved Ulstein denne sommaren. Heilt fremst er Sunniva Garshol og Karl-Erik Sæbønes, dei andre er frå venstre Christophe Bellec, Ulrik T. Røyset, Kristian Østgaard, Raymond Engjaberg, Håvard Banne, Brage Dimmen, Vilde Dimmen, Hans Jørgen Gardshol, Ida Helen Sande, Andreas Torvholm, Ann-Kristin Eidså, Martine Vindfjell og Ylva Overå Hide.
Nytt

Ja-line gir søkjarkø

Ulstein Group seier ja til mange studentar som vil lage prosjektoppgåver knytt til bedrifta. Gevinsten er fleire søkjarar både til sommarjobbar og faste stillingar.

09.07.2014
- Vi seier veldig mykje ja, viss det er relevant for bedrifta, seier personaldirektør Torild Bugge.
Ulstein Group har alltid køyrt ei opa line mot studentar som vil gjere prosjektarbeid knytt opp mot det verksemda driv med. Men dei siste åra har dette arbeidet blitt meir systematisert, og oppfølginga av studentane tettare. Det har gjort selskapet både meir kjent og meir attraktivt, meiner Bugge.

Topprangering

I Universums studentundersøkjing for 2013 scora Ulstein Group høgast på rangeringa av bedrifter ingeniørstudentane tenkjer på som flinke på nyskaping og utvikling.
Det er eit teikn på at arbeidet opp mot studentmiljøet har lukkast, meiner Bugge.

Sommarjobb-rekruttering

Sommarjobb er blitt ein viktig rekrutteringsarena for dei maritime bedriftene på Nordvestlandet.
- Vi er medvitne på å bygge opp langsiktig, maritim kompetanse i regionen, og satsar sterkt på framtidig rekruttering gjennom å tilsette lærlingar, TAF-elevar og sommarhjelper eller å gi praksisplassar til studentar. Meir enn 20 personar er i sommar sysselsette i ulike jobbar, seier Bugge i ei pressemelding. (TAF-elevar kombinerer teknisk og almennfagleg utdanning på vidaregåande skule).

Stipend til arkitekt

Sunniva Garshol frå Ulsteinvik er ein av studentane som har sommarjobb, og stipend frå Ulstein Group. Ho studerer artitektur i København.
- Eg trudde kanskje ikkje eg kom til å få stipend når eg valte arkitekturretninga, men bedrifta såg at utdanningsvalet kan vere relevant. Det er flott at dei er opptekne av mangfald og har litt variasjon i kven dei vel å gi stipend til. Gjennom studiet spesialiserer vi oss mot prosjekt og prosessar, materiallære og romutnytting, og dette er aktuell kompetanse, seier Garshol i pressemeldinga.

Aukande interesse

- Interessa for å ha sommarjobb eller praksisplass hos oss er jamt aukande, og vi opplever stor interesse frå studentar både i Noreg og internasjonalt. No i sommar har vi til dømes inne ein student frå Frankrike og ein frå Nederland som har praksisplassar etter å ha tatt kontakt med oss, seier Bugge.
Studenter frå Nederland har takka ja på tilbodet om fast jobb, og tek til straks masteroppgåva er fullført.

Kø av søkjarar

Ei rekkje av dei større maritime bedriften på Nordvestlandet satsar på å tiltrekkje seg framtidig arbeidskraft gjennom å tilby sommarjobbar og opplæringsstillingar i ferien.
Då Havyard Group i mars melde at dei var på jakt etter ungdomar til årets sommarprogram fekk selskapet over 300 søkjarar, 40 prosent av dei var jenter.

48 er innom

- Havyard har i sommar 48 studentar som har Summer Internship, 20 unge som er på to vekes introduksjonskurs og fleire trainees i arbeid. Dermed er det 68 unge som er innom Havyard i sommar, seier Silje Marie Larsen som er Communication Consultant Intern i sommar.
Studentane får arbeid med oppgåbver som er relevante for studiet.
-Vi er studentar alle saman, no får vi sjansen til å jobbe her i bedriften, med mye forskjelleg. Vi får prøvd oss i arbeidslivet, og så får får vi løn. Det er berre fordelar for oss, seier Larsen.

Publisert: 09.07.2014 15:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34