- Vi har bedt aksjonærane om å yte eit konvertibelt lån, dette blei godkjent på årets generalforsamling. Dette gjer vi for å sikre kapitalstrukturen i eksisterande prosjekt, men også for framtidig satsing og utvikling av konsernet, seier styreleiar Tore Ulstein i ei pressemelding.
Til saman låner Ulstein Group 150 millionar kroner frå DNB og Innovasjon Norge, og tek opp eit konvertibelt lån på 150 millionar kroner frå eigarane.
Det konvertible lånet kan gjerast om til aksjar i Ulstein Group. Dersom alle eigarane vel å gå inn med ein andel av lånet som tilsvarar deira eigarandel i selskapet blir dagens fordeling av aksjane uendra.
Pressemeldinga omtalar og hovudtala for 2017-reknskapen til Ulstein Group.
Ulstein Group, som mellom anna omfattar Ulstein Verft, fyller på med pengar for å takle konsekvensen av at offshormarknaden klappa saman etter oljeprisfallet i 2014.
Sidan marknaden kollapsa i 2014 har likviditeten i Ulstein Group blitt utfordra på ulike måtar, skriv selskapet i pressemeldinga:
"Lågare ordreinngang har ført til svekka og negative resultat dei siste tre åra, noko som igjen har tæra på eigenkapitalen og likviditeten.
- Vi har mellom anna tapt midlar både på eksisterande prosjekt og på eigarandelar i skip og sal av aksjar innanfor offshore. Vidare har vi inngått kontraktar i nye segment med høgare kontraktsverdiar. Desse prosjekta har ei lang konstruksjonstid, nokre over to år, og ein stor andel av konsernets likviditet blir difor låst opp i desse prosjekta", seier Tore Ulstein i pressemeldinga.

Utfordra likviditeten

Publisert: 10.07.2018 13:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22