Utfordrande tider for klippfiskeksportør
Klippfiskprodusenten Jacob Bjørge på Ellingsøya fekk kraftig inntektsfall i fjor.
Derimot auka resultatet før skatt.
Dette går fram av årsrekneskapen for konsernet, som no er klart.
Inntektene stoppa på 154,6 millionar kroner, mot 206,8 millionar i 2019.
Resultatet før skatt enda på 1,6 millionar kroner, opp frå 0,7 millionar året før.
(saka held fram etter tabellen)
Jacob Bjørge (konserntal) | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 154,6 | 206,8 | |
Driftsresultat | 4,1 | 4,5 | |
Resultat før skatt | 1,6 | 0,7 |
Les også
Vanskeleg med råstoff
I årsmeldinga skriv selskapet at koronapandemien påvirkar drifta av selskapet, og at klippfiskmarknaden er utfordrande.
Tidlegare har dagleg leiar Jacob Bjørge Høyem sagt til NETT NO at det skaper utfordringar at stadig meir av torsken vert omsett utanfor auksjonssystemet ved at reiarlaga har avtalar om direkte leveransar.
I tillegg skaper det utfordringar for norske arbeidsplassar på land at mykje fisk vert send til Kina til vidareforedling.
Lavt sjukefråver
Bjørge Høyem eig 50 prosent av selskapet. Det same gjer Anders Helsem.
Ellingsøy-selskapet har ein samla eigenkapital på 49,1 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 19,5 millionar.
Ved årsskiftet var det 15 tilsette, og selskapet hadde i fjor eit samla sjukefråver på 1,5 prosent.
Publisert: 02.08.2021 12:54
Sist oppdatert: 06.08.2021 13:58