Trandal huske innfelt jeanette aurdal foto kjetil skjermdump youtube 11
TRANDAL: Huska på Christian Gaard Bygdetun i Ørsta har vorte mykje fotografert og delt på sosiale media. Det har gitt Jeanette Aurdal (innfelt) og The Oak & Rope Company mykje gratis marknadsføring. Foto: Kjetil Haanes/innfelt skjermdump The Oak & Rope Company på Youtube
Nytt

Jeanette gjer suksess med gåveartiklar

Instagram-fenomenet frå Trandal er berre den nest mest kjende huska ålesundkvinna har laga.

NPK
03.08.2021

(NPK): Deling av idyllisk huske-motiv på Instagram og den britiske kongefamilien som kunde, har vore med på å gi bedrifta The Oak & Rope Company salssuksess.

– Det er fantastisk å sjå den att. Eg har sett så mange bilde at eg føler eg har vore her mange gongar. Dette er mi nest mest kjente huske, seier Jeanette Aurdal frå Ålesund til NRK.

Besøkte Trandal
Denne veka besøkte Aurdal garden på Trandal der firmaet hennar, The Oak & Rope Company, har fått spreidd tusenvis av bilde av huska med norsk fjord som bakgrunn, via garden.

Da Aurdal flytta frå London til den engelske landsbygda med familien, tok ho opp snikring som hobby. Etter å ha sett eit bilde av ei spesiell huske på Sunnmøre for nokre år sidan, vart ho inspirert, og laga ei huske av eik. Huska sende ho til garden i Noreg der bildet var tatt.

(saka held fram under)

Optimistane paa Trandal
SØSKEN: Søskena Daniel og Lenita Storeide har driftar gjestehus, pub, serveringsstad og scene på Trandal. Foto: Kjetil Haanes

Gave til britisk prins
Den britiske kongefamilien har òg huska i eige, og William og Kate har delt fleire bilde av Prins George ståande på huska. Det har òg gjort sitt til at huska har fått stor publisitet.

No har bedrifta tolv tilsette som lagar produkt av eik. I tillegg til at The Oak & Rope Company gjer suksess, drar den kjende Instagram-huska òg mange besøkande til Trandal-garden på Sunnmøre.

(©NPK)

Publisert: 03.08.2021 18:23

Sist oppdatert: 03.08.2021 18:27

Mer om
Annonsørinnhold