Optimistane paa Trandal
TRANDAL: Søskena Daniel og Lenita Storeide har tatt over ansvaret for Christian Gaard Bygdetun. Dei har store planar og meiner at Trandal er Paradis på jord.
Nytt

Optimistane på Trandal

Det er som å kome til ei heilt anna verd. Sjølve meiner dei det er paradis på jord.

24.12.2020

– Når eg tek båten til Ålesund, passerer under Vegsundbrua og ser alle bilane som står stille i kø oppe på brua, då veit eg at eg bur på verdas beste plass.

Det seier Daniel Storeide på Trandal.

Saman med søstra Lenita og resten av storfamilien driv han Christian Gaard Bygdetun, bygt opp og gjort vide kjend av faren Frank Storeide.

Bygda veks
Lista over kjendisar som har besøkt gjestehuset, puben, serveringsstaden og scena på Trandal, er imponerande, men her er alle like mykje velkomne.

Og no aukar også folketalet i bygda dit ein er avhengig av å kome med båt.

For fem år sidan var dei nede i sju. No er dei 16, og av dei er det seks born.

– Det er ikkje mange som har hatt like stor vekst, seier Daniel. 30-åringen har sjølv borna Vetle og Vilja saman med kona Ivonne Kroken Ekremssæter frå Åheim.

Han er sjølv ansvarleg for skyssen til og frå barnehage og skule.

– Det er absolutt ingen problem. 15 minutt etter at vi dreg heimanfrå er vi trygt framme på barnehagen eller skulen på Sæbø. Eg veit mange i byane som brukar mykje lenger tid.

Ei skikkeleg fjellgeit
Søstra Lenita er gift og bur i Ørsta, men er på Trandal nesten kvar dag. Om ho ikkje tar imot gjestar eller lagar mat, er ho gjerne på fjelltur, aller helst topptur på dei mange toppane ovanfor Trandal.

– Det er nok ein sjukdom. Eg må gjerne heilt til topps, og ha luft.

– Ho er ei skikkeleg fjellgeit, seier storesøster Linda Storeide.

– Og så har ho stålkontroll, samstundes som ho er superhyggjeleg med alle som kjem innom.

Linda hjelper mest til i baren og med servering og anna praktisk.

– Eg fekk klar beskjed med pappa Frank om å halde meg langt unna kjøkenet etter at eg klarde å svi elleve seilarpatentar på ein gong!

Bytta plass i fengselet
I sesongen er det seks tilsette i sving på Christian Gaard Bygdetun, der fem av seks er etterkomarar etter dei legendariske einegga Trandal-tvillingane Jan og Frank Storeide.

– Ein gong bytta dei plass i fengsel, seier Jeanette Westin Storeide.

Ho bur i Ålesund, og er dotter til Jan og Pia Storeide, men hjelper til på Trandal i sesongen.

Frank døydde i 2010, tvillingbroren sju år seinare.

– Dei var så sterkt knytte til kvarandre at dersom den eine hadde det vondt, så visste den andre det med ein gong.

Jan Storeide vart sjølv tatt av Raset i Molaupen i 1971, der sju av ni omkom. Som ved eit mirakel overlevde Jan etter å ha lege nedgravd i tettpakka snø i 17 timar.

Brørne var fulle av liv, laga også ei rekkje melodiar og gav ut fleire plater.

– Dei var veldig musikalske, og likte å vere saman med andre menneske i lystig lag.

– Det var ikkje få gongar i oppveksten at eg vart vekt seint på kveld for å kome ned og synge saman med far min.

Det var alltid kjekt, og aldri noko uhyggje, sjølv om praten og musikken gjerne ikkje slutta før langt utpå natta, seier Jeanette.

– Ein gong strålte Frank og var storleg fornøgd med at kvelden før hadde det gått med 50 liter øl.

– Og vi selde endåtil nokre liter av det, la han til.

Tar vare på livsverket
No er det mange som gjerne tar seg ei øl, eller noko anna læskande i Gjeita bar i den gamle grindløda, eller i Brovingen Bar der ein kan nyte utsikta over Hjørundfjorden.

På taket står storfæringen til Sildakongen Arvid O. Mørch.

Andre kan ta seg ein røyk eller slappe av med godt prat i den utandørs røykeplassen Vinterhagen.

Lenita Storeide seier at ho kjenner på eit ansvar for å ta godt vare på livsverket til faren Frank og mora Torill Fjeldstad. Ho døydde i 2015.

– Vi vil drive vidare i deira ånd, der dørene skal vere opne og alle skal vere like mykje velkomne hit.

I år såg det lyst ut, før koronapandemien slo til.

– Vi hadde massevis av bestillingar og arrangement, og vi reiste difor på ferie til Tenerife for å lade batteria før ein hektisk sesong.

– Men vi var ikkje før komne heim før det small. I løpet av ei helg var alt avbestilt.

Fjorden var full av båtar
Ho sette seg ned for å diskutere situasjonen med Daniel og dei andre medhjelparane på Christian Gaard.

– Vi vart fort samde om at det hadde ikkje noko føre seg å sture. Vi valde difor å sjå framover, tenke ut nye konsept og gjere oss klare til at folk kunne reise igjen.

1. juni small det.

– Her kom plutseleg masse folk. Fjorden var full av båtar, og deretter har vi ikkje sett oss tilbake, seier Lenita.

Kortreist geitekjøt
Det første som møter båtfolket når ein legg til kai på Trandal er molosteinen, med inskripsjonen «Reist til ære for dei som bygde landet. Reist til mishag for dei som prøver å rive det ned».

Deretter kjem ein til reia, som truleg er den mest avfotograferte reia i verda.

Sjølv om Christian Gaard tilbyr overnatting, og der finst andre overnattingstilbod på Trandal, er det mange som berre stoppar nokre timar for å ete lunsj eller middag. På menyen står det som regel veldig kortreist mat.

– Det er storfe frå Bjørkedalen, laks frå Hjørundfjorden og hjort frå Trandal, gjerne sjølvskoten hjort, seier Daniel Storeide.

Snart kjem det også geit på menyen etter at dei har kjøpt inn ti boargeiter.

– Dette er kjøtgeiter, og planen er å drive meir med geitehald, også for å halde kulturlandskapet nede.

Storsatsing på skyssbåtar
Medan søstra Lenita har oversikt over gjestar og bestillingar, har Daniel ansvaret for alt rundt skyss. Blant anna har han båtruta frå Ålesund til Hjørundfjorden og Norangsfjorden med skyssbåten Nordic Lady, eit tilbod som starta i år.

Båten kan ta opptil 44 passasjerar og har ei toppfart på 36 knop.

Prislappen var på rundt seks millionar kroner.

– Dyrt, ja, men vi må berre satse for å utvikle oss.

På garden er det to til båtar, der Daniel har avtale med kommunen om å ta seg av skulekyss, barnehageskyss og postskyssen.

– I tillegg har vi avtale med Tussa om å frakte deira folk. Det hjelper godt på.

Annaleislandet
Han eig sjølv 55 prosent av selskapet bak Christian Gaard Bygdetun, medan søstra Lenita eig 35 prosent og Westplast-gründer Hallgeir Skorpen i Herøy eig ti prosent.

Skorpen og kona Signhild Skorpen er av dei trufaste gjestane på Trandal, og har gjort mykje dugnad.

Skorpen seier at han vart god ven med Frank, og lova å ‘passe på’ borna då dei overtok.

– For oss er dette som å kome til annaleislandet. I tilleg til fantastisk natur, er her ei heilt spesiell fin stemning der alle er like verdsette og velkomne.

– I tillegg er det kjekt å sjå korleis ungdomane her står på. Det er kjekt at det kan bu og trivast folk på slike plassar.

– Det er noko magisk med Trandal, seier Skorpen, som sjølv ættar frå fråflytta Skorpa.

Ein annan som har gjort mykje dugnad er Asbjørn Pettersen frå Valderøya, opphavleg frå Kvænangen.

– Eg kom hit første gongen i 2003, og har vel aldri heilt forlatt staden.

Han rosar folket på Trandal.

– Dei jobbar og står på, er ærlege, redelege og rett fram i praten. Det trivst eg godt med.

Skaper arbeid til seg sjølve
Daniel Storeide seier han ønskjer å fullføre livsverket som faren var så godt i gang med.

I tillegg ønskjer han å skape arbeidsplassar.

– Når du bur på ein slik plass, må du skape arbeidsplassen sjølv.

Han er optimist.

– Her har det budd folk sidan middelalderen. Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal bu folk her i like lang tid framover. Akkurat no ser det i alle fall bra ut.


Når eg tek båten til Ålesund, passerer under Vegsundbrua og ser alle bilane som står stille i kø oppe på brua, då veit eg at eg bur på verdas beste plass

Publisert: 24.12.2020 06:00

Sist oppdatert: 03.08.2021 18:13